DYR: Alien Repair Guy" kostar godt over 100. 000 kroner per minutt."

Ein UFO på Trondheim Torg

Filmen er den første som er fullfinansiert av Midtnorsk Filmsenter. Det er tilsaman cirka hundre involverte i kortfilmen, mange av dei studentar.

Publisert Sist oppdatert

Studentar har medverka mellom anna som rekvisittør og produksjonsassistentar. I tillegg er sjølve romskipet med teknikk bygd av studentar ved Institutt for produktdesign ved NTNU.

– Det var eit veldig spanande prosjekt, seier Lars Bay, som studerer produktdesign.

– Vi jobba med det frå midten av oktober og fram til jul i fjor, også tok vi siste innspurten to veker før filminga starta. Men vi fekk det godkjent som eit fag ved NTNU, og pengane vi tente går til klassetur til Japan.

Nyutdanna produsent

Produsent Gisle Normann Melhus fortel at kortfilmen handlar om det som skjer når ein ikkje legg merke til det. Tre vegarbeidarar finn ein mystisk boks som viser seg å styre alt som skjer på jorda. Dei øydelegg boksen, og eit romvesen med vaktmeisterfunksjonar kjem dalande ned frå himmelen for å reparere den. Medan han held på med dette finn han eit nytt panel med knappar som han blir freista til å utforske. Rare ting byrjar å skje.

Melhus er utdanna ved Filmskulen på Lillehammer, og har no vendt attende til heimbyen og starta produksjonsselskapet Normann Fiction AS. Alien Repair Guy er selskapet sin første produksjon.

Øystein Moe og Alexander Somma, i produksjonsselskapet Helmet, er manusforfattarar og har regien på kortfilmen.

Siktar mot Grimstad

Produsent Melhus håper at science fiction-filmen vil bli vist fram på mange ulike filmfestivalar. Opprinneleg skulle den vere klar til Kosmorama filmfestival som går av stabelen i mars, men det gjekk i vasken då innspelinga måtte utsetjast frå desember til januar.

– Den vil bli vist fram som eit «work in progress» på Kosmorama, og vi håper å få den ferdig til kortfilmfestivalen i Grimstad i juni. Det har vore mykje gratisarbeid frå alle partar, også frå regissørane og gode krefter i filmmiljøet, seier Melhus.

Alien Repair Guy er den første filmen som er fullfinansiert av Midtnorsk Filmsenter, i tillegg til ein andel frå produsenten sjølv.

– Den kostar godt over 100. 000 kroner per minutt, kan Melhus fortelje.

Heidi Sandberg ved Midtnorsk Filmsenter seier at bidraget deira på 550 000 kr er det største beløpet dei nokon sinne har gitt til ein film.

– Eg trur at Alien Repair Guy har ført til at også andre søkjer om stønad til kortfilmar. Vi hadde søknadsfrist 14. februar, og har aldri fått inn så mange søknadar, seier ho nøgd.

Powered by Labrador CMS