
Fengande discomusikk- intet mer, intet mindre
ANMELDELSE: Dette skulle eigentleg vere ei anmelding av Hanne Kolstø sin konsert på Trondheim Calling. I staden vart det ei omtale av ein 30 minutters spontan discofest.
Tekst: Kjersti Anderdal Bakken, Radio Revolt
Hanne Kolstø var ein av artistane mange gledde seg til under årets Trondheim Calling-festival, som i år har utvida til også å inkludere artistar utanfor Trøndelag. Mange vart nok skuffa då det vart opplyst om at konserten måtte avlystast grunna sjukdom. Men med dei lokale heltane i Amish 82 som kompansasjon, vart nok nedturen fort gløymd, ihvertfall for ei tid.
Det startar med film. Back to the Future rullar på storskjermen og nysgjerrige hovuder tittar inn dørene på Byscena. Stemninga på golvet er god, og då det store kysset kjem blir det møtt med applaus. Den alltid like energiske trioen entrar etterkvart scena, og discofesten er i gang. Med seg på laget har dei Mio-trommeslagar Hans Uhre, og ingen skulle tru at deira fyrste øving tok stad berre sju timar før konserten.
«Amish 82 med vener» vart det annonsert før konserten. Då låta Sex Appeal set i gong blir scena brått fylt med ti dansarar, noko som blir møtt med begeistring frå publikum. Og ikkje nok med det, fire koristar finn óg vegen til scena for å ta del i festen, og ballongar og konfetti renn ned frå taket. Energien er på topp både på scena og blant publikum.
Musikken er einsformig, tight og fengande. Det er godt å sjå eit band som slepp alle hemningar, etter mange føregåande konsertar med ein god del nervøsitet og høge skuldre. Ikkje ein stilleståande fot er å sjå blant dei som hadde møtt opp for å sjå den lokale trioen. Alle let seg rive med når 70-tals rytmer ljomar frå Byscena, og vi får servert eit gjennomført audiovisuelt show.
Dei hadde nok bestemt seg for å motbevise Trondheim Calling-bookarane, Amish 82 vil vere ein del av laget når Trøndelag skal vise fram den beste musikken dei har å by på. For å overbevise køyrde dei på med alle hjelpemidler og salgstriks tilgjengeleg. «Vi skal lage fest» let det frå frontfigur Snorre Valen, og fest - det vart det.