
Hello attitude!
ANMELDELSE: Er det høg underhaldningsfaktor eller talentfulle, dyktige musikarar som utgjer om ein konsert er god eller ikkje? Unknown Mortal Orchestra-konserten på Øya var perfekt – på den sistnemde måten.
Med store solbriller entrar dei Vikascena kl 19:30 på Øyafestivalens siste dag. I februar slapp dei albumet II, ein av vinterens beste utgivingar. Med to velkjende låtar frå andrealbumet, opnar det slackerpsykedeliske lo-fi-bandet, som dei sjølv kallar seg, sterkt.
Dei er sjølvsikre og dyktige. Lange soloparti avslører talent og dyktighet hjå samtlege i bandtrioen, og instrumentalpartia blir konsertens høgdepunkt. Til tider verkar lyden svak, og gitaren, som utgjer ein svært vesentleg del, druknar dessverre til fordel for trommene. Plutseleg verkar éin gitar litt tynt, og det som på plate er godt planta innanfor det psykedeliske, blir ikkje alltid heilt truverdig. Heldigvis tek lydnivået seg opp utover i konserten.
Dei gjer ikkje mykje ut av seg. Er ein kul attitude og tromme/bass/gitar-skills nok? I dei fremste rekkene jublast det- solopartia blir applaudert og stemninga er på topp. Lenger bak er publikum ukonsentrert. For dei som ikkje kjenner musikken og bandet, og som heller vil underhaldast enn imponeres over musikalsk dyktighet, blir konserten einsformig. Pratinga sitt laust.
Gleda er stor etter å ha sett bandet live, men inntrykket er blanda. Musikken er kul, slik me kjenner den. Dei speler dritbra, og instrumentalpartia tar av. Likevel skal ein konsert ha noko anna ved seg, publikum vil ha noko meir – dialog, augekontakt, respons. Ingen av delane inngår i laurdagens konsert.
Frå Vikascena går turen vidare til konsert med Shining, eit band som viser talent og dyktighet kombinert med sceneutstråling og publikumskontakt. Dei har det lille ekstra som gjer konsertopplevinga komplett, og den kritiske, litt uinteresserte publikummaren blir fanga og underhaldt, noko Unknown Mortal Orchestra dessverre ikkje klarte.
Stil og talent er viktig, men vi vil underhaldast!
Musikkjournalistene fra Radio Revolt kommer daglig med konsertanmeldelser og omtaler fra Øyafestivalen 2013. Følg med på dusken.no for løpende oppdatering.