
Kulturen stengd for døve øyre
For å få tilgong på kulturelle arrangement må døve og høyrselshemma ta saka i eigne hender. – For dårleg, meiner leiar i RAFT.
– Eg saknar ein større toleranse for tolk på scenen, og større medvit rundt oss høyrselshemma, seier Annbjørg Nordbø.
Ho er maskiningeniørstudent ved HiST. I tillegg er ho døv og leiar for RAFT, Raudbyggets Akademiske Forum for Teiknspråklege, ein organisasjon for teiknspråklege studentar i Trondheim.
Nordbø har sett seg lei på å heile tida måtte etterlyse tilbod som gjer det lettare for døve og høyrselshemma å ta del i kulturen i Trondheim.
– Dei fleste kulturelle tilboda er for dårleg eller ikkje tilrettelagt i det heile. Trondheim Kino har til dømes inga oversikt over kva filmar som vert teksta, seier Nordbø.
Ho har fleire gongar måtta troppa opp i skranken for å få dei tilsette til å ringe rundt og finne ut kva framsyningar som er tolka. Problemet med teksting på filmar møtte ho òg på då ho var medlem av filmklubben på Samfundet.
– Eg slutta fordi eg stadig måtte be dei om å setje på tekstinga, eller så viste dei filmar som ikkje var teksta i det heile tatt, seier Nordbø.
Må lite på eigne tilbod
Denne utfordringa kjenner leiar i Trondheim Døveforeining, Mikal Urgård, seg att i.
– Vi døve kan ikkje fare dit vi ynskjer, slik som RBK-kampar eller norsk kino utan tekst. Og dersom det vert sett opp eit stykke med tolk, er det ikkje sikkert at det er det stykket vi ynskjer å gå på, seier han.
Gjennom tolketenesta til NAV kan døve og høyrselshemma bestille tolkar, men det er ikkje dermed sagt at ein får med seg ein tolk.
– Dei har litt for liten kapasitet. Dersom eg vil på kurs eller bridgekveld må eg bestille god tid i førevegen, men det er ikkje sikkert eg får med tolk likevel, seier Urgård.
Han har vorte vant til at han ofte må gå på tilstellingar utan å ha med seg tolk.
Ei anna utfordring er at nokre arrangement er vanskelegare å tolke enn andre, slik som stand up og revy. Resultatet er at dei må lite på eigne organisasjonar for å få tilbod som er godt nok tilpassa deira behov.
– Sjølv om vi ikkje får delta i dei offentlege kulturelle tilboda, har vi våre eigne tilbod skapt av RAFT eller andre organisasjonar, seier Nordbø.
RAFT organiserar til dømes sosiale treff og seminar, samt ein årleg tur til Åre. Trondheim kommune har òg ein teiknspråkklubb for ungdomar, og Teater Manu – eit profesjonelt landsdekkande teiknspråkteater – vitjar byen med jamne mellomrom.
– Slitsam kamp
Guro Hesthagen ved Hjelpemiddelsentralen til NAV Sør-Trøndelag, meiner at den manglande tilrettelegginga kjem av uvitskap.
– Det er ikkje sikkert ein tenker over kor lite tilrettelagt kulturtilboda eigentleg er. Det er viktig med konstant påminning kring denne problemstillinga overfor dei store institusjonane. Slik ser dei at dette gjeld mange, og at dei har eit ansvar for å legge til rette også for denne gruppa, seier Hesthagen.
Ho meiner det er lite som skal til for å forbetre tilbodet.
– På enkle måtar kan ein gjere samfunnet meir tilgjengeleg for døve og høyrselshemma, til dømes gjennom teksting av norske filmar og ikkje berre utanlandske, seier ho.
At frustrasjonen kan melde seg har Hesthagen stor forståing for.
– Det må vere slitsamt å heile tida måtte kjempe for sine interesser innanfor område der andre berre tek tilgjengelegheita som ei sjølvfølgje, seier ho.
Urgård i døveforeninga er einig i dette.
– Vi føler at vi står utanfor når vi heile tida må etterspørje tilboda, seier han.
– Førespurnaden må kome frå dei
Bente Dyrseth, salssjef ved Trøndelag Teater, tykkjer det er trist at døve og høyrselshemma føler seg utelatne, og seier at teateret er villige til å leggje til rette tilbodet. Men ho seier at dei ikkje gjer noko utan at dei døve og høyrselshemma tek initiativet sjølve.
– Vi kunne gjort meir, men førespurnaden må kome frå dei. At vi skal gå ut og kjøpe to tolkar til ei framsyning vert feil, seier Dyrseth.
Ho meiner førespurnaden må kome gjennom tolketenesta til NAV, så kan teateret hjelpe til så godt dei kan.
– Vi seier alltid ja til å leggje til rette så fremt det er mogleg, seier ho.
Trondheim Kino var ikkje tilgjengelege for kommentar då Under Dusken gjekk i trykken.
Rotvollrevyen eitt av unntaka
Eit heiderleg unntak frå mangelfull tolking står lærarrevyen på Rotvoll for. Den vert arrangert for attande gong siste helga i januar, og ber namnet «Blådig alvor – lett, lystig og pompøst». Det er studentar ved teikn– og tolkelinja som står for tolkinga.
– Eg veit ikkje kor lenge revyen har vorte tolka, men i alle fall sidan teikn– og tolkeutdanninga vart slått saman med lærarutdanninga på Rotvoll, seier revysjef Kristin Ovesen.
Vanlegvis vert samtlege framsyningar tolka, men i år vert det berre gjort på premieren sidan tolkestudentane skal ut i praksis. Kor mange døve og hørselshemma som nyttar seg av tilbodet er ikkje Ovesen sikker på, men ho veit at dei har vore representerte i publikumsmassen.
Sjølv om Rotvollrevyen har vorte tolka i årevis, vert folk stadig overraska over å sjå ein tolk på scena.
– I byrjinga trur ofte publikum at tolken er ein del av ein sketsj, seier Ovesen.
RAFT–leiar Annbjørg Nordbø rosar Rotvollrevyen for initiativet.
– Eg tykkjer det er fabelaktig at dei tek det som ei sjølvfølgje å ha ein teiknspråktolk med på laget. Dette sender ut positive signal til alle, både til andre revyar og til publikum, seier ho.
Ei anna studentoppsetjing som får ros er UKE-revyen. Den har òg vorte tolka i fleire år, men i 2009 meiner Utgård at dei gjennomførte tolkinga på ein framifrå måte.
– UKErevyen er eit førebilete for teaterhusa når det gjeld å inkludere tolken som ein del av teaterframsyninga, seier ho.