Macklemore & Ryan Lewis til UKA

Hiphopduoen frå Seattle opner festivalen 3. oktober i Dødens Dal.

Publisert Sist oppdatert

Macklemore & Ryan Lewis er mest kjend for hiten «Thrift Shop», som har toppa VG-lista dei siste seks vekene. Også feststartaren «Can't Hold Us» har storma opp på Billboardlistene.

– Dette er eit namn vi har arbeida for lenge. Med topplasseringar på ei rekke hitlister, er dette ein booking som visar at UKA framleis har det som skal til for å huke iland nokon av verdas mest aktuelle artistar, seier konsertsjef Christoffer Anderson i UKA i ei pressemelding.

Duoen, som er i Europa i forbindelse med ein turné i haust, blei endeleg bekrefta for nokre veker sidan.

– Dette er ein veldig stor artist, og det var godt å sjå bekreftelsen kome inn. Vi har jobba for å få dette til i fleire månader, seier Anderson til dusken.no.

– Forventingane blir større og større

Det er ikkje første gong UKA har fått tak i store internasjonale artistar. Tidligare har kjende namn som Jay-Z, David Guetta, Snoop Dogg og Franz Ferdinand gjesta festivalen. Anderson er sikker på at bookinga er verdt pengane.

– Forventingane til kva for artistar vi klarar å levere blir berre større og større. Vi var var sikker frå starten av at vi ville ha med oss Macklemore & Ryan Lewis. Det er eit namn publikum vil ha, seier han.

Macklemore & Ryan Lewis er den første store kunngjeringa til årets UKA.

– Det er enno for tidleg å seie om dette blir årets headliner. Programslippet er i september, men det kan hende det kjem nokon overraskelsar før den tid, seier Anderson.

Kritiserar homofobi

Macklemore & Ryan Lewis er kjend for å vere litt utanfor boksen. Tidligare i år fekk dei mykje merksemd då dei kritiserte homofobien i hiphopkultur i låten «Same Love». I tillegg er plata «The Heist», i motsetnad til dei fleste artistar på toppen av Billboardlistene, produsert heilt utan eit tradisjonelt plateselskap i ryggen.

– Det er utruleg kult at UKA klarar å få tak i artistar som er på veg opp. Det har vore ein lang tradisjon at festivalen tiltrekker seg store artistar, seier pressesjef Sigurd Aune Borstad i UKA.

UKA-13 er den 47. i rekka, og arrangerast frå 3. til 27. oktober.

Powered by Labrador CMS