Set fokus på dei som jobbar i det stille

Onsdag blir vinnaren av Studentanes fredspris 2015 annonsert. Leiar Ragnhild Fredheim for fredsprisen besøkte vinnaren for berre to veker sidan.

Publisert Sist oppdatert

Vinnaren, som blir den niande personen til å ta i mot prisen, er eit kjend fjes i heimlandet. Aktivisten er mellom anna blitt anklaga for «hatefulle ytringar mot regimet» og skal ha blitt mishandla og utsett for tortur i fengselet.

Fakta

  • Studentanes fredspris vert utdelt annakvart år til studentar som har utmerka seg med sitt arbeid for å fremme fred, menneskerettar og demokrati
  • Prisen har sitt utspring frå Internasjonal studentfestival i Trondheim (ISFiT) og blei utdelt første gong i 1999.
  • Hittil har sju studentar frå Burma, Øst-Timor, Zimbabwe, Colombia, Vest-Sahara, Kroatia og Iran fått prisenKjelde: studentpeaceprize.com

Utan å røpe for mange detaljar, fortel Fredheim om ein risikofylt tur til det totalitære heimlandet til vinnaren.

– For å få komme inn i landet måtte vi late som vi var vanlege turistar, så vi hadde med oss dykkeutstyr og dykkemasker. Planen vi hadde lagt, etter å ha fått råd frå Utanriksdepartementet, var å legge oss heilt flate om vi blei tekne. Då hadde vi berre blitt kasta ut, ikkje fengsla.

«Stoppar eg no, har eg blitt torturert forgjeves»

Aktivisten er no på frifot, men måtte møte Fredheim sitt følgje i skjul. Fredheim trur ikkje dei set vinnaren i større fare ved å gi ut ein slik pris.

– Styresmaktene vil nok ikkje like det. Men vi trur at det å gi merksemd til fredsaktivistar har ein positiv effekt. Når det er tydeleg at omverda følgjer med, kan ikkje regimet gjere akkurat som dei vil.

Fredheim fortel om ein ung og modig vinnar, som er klar for å halde fram kampen for ytringsfridom og demokrati.

– Vinnaren har ikkje tenkt å la seg kneble. Det er ein sterk person, som fortalte at «dersom eg stoppar no, har eg blitt torturert forgjeves».

Ingen kjendispris

Når namnet på vinnaren vert annonsert på onsdag, innrømmer Fredheim at dei færraste nok har høyrt namnet før. Ho understrekar at dette er nettopp poenget med prisen. Ulikt Nobels fredspris, som mellom anna har gått til kjende namn som Barack Obama, skal studentfredsprisen gå til personar eller organisasjonar som jobbar i det stille.

– Studentar er ofte dei som først blir gløymt. Ved å dele ut denne prisen set vi søkelyset på gøymde konfliktar og vi kan gje nytt håp til dei det gjeld.

Studentanes fredspris vert gjeve ut på vegne av alle norske studentar, men det er den internasjonale studentfestivalen i Trondheim (ISFiT) som har ansvar for å administrere den. Sjølve overrekkinga av prisen finn stad under ISFiT i februar 2015.

Namnet på vinnaren vil bli annonsert på ein pressekonferanse onsdag kl 11.00, medan seremonien, som er open for alle, finn stad på Studentersamfundet frå kl 19.00.

Pressekonferansen kl 11.00 vil bli streama og du kan følgje han direkte på dusken.no

Powered by Labrador CMS