Tame Impala: Høyre, ikkje sjå

ANMELDELSE: Høyre, ikkje sjå, vart dessverre den beste taktikken om denne konserten skulle nytast. Ei sterk setliste var ikkje nok for å overbevise eit forventingsfullt publikum.

Publisert Sist oppdatert

Tame Impala - ein av konsertane eg gler meg mest til på Øyafestivalen 2013. Det australske bandet har verkeleg gjort det stort med albumet Innnerspeaker og særleg deira siste utgivelse Lonerism. Den psykedeliske rocken slår igjen over musikk-Norge, og Tame Impala har ein stor del av æra.

Det var tid for årets fyrste headliner og forventingane var enorme. Dette vart dessverre raskt snudd om til overrasking då fem puslete gutar tusla fram på scena.

«Hi Oslo, how is everyone». Kevin Parker sitt forsøk på dialog frå scena blir ikkje lengre. Han snur seg brått tilbake og sluttar seg igjen til den innadvente bandjamsirkelen kvintetten utgjer.

Men det let bra, om ein klarar å lete att augun og la musikken bevise at dette faktisk er bandet bak fjorårets kanskje beste album. Eg prøver å skyve ungdomsskulevibbane undå, og nyte det aurale. Joa, det let bra live og, men forventingane etter to sterke album gjer dessverre dette til ein liten skuffelse. Eit stillestående publikum tyder på at fleire ikkje lot seg imponere stort.

Det kviler ein usikkerhet over bandet, men med låtar som «Feels like we only go backwards» og «Elephant» løysnar stemninga litt utover konserten, og dei gode låtane kompanserar ihvertfall litt for det manglande scenetekket. Den trofaste fanskaren vuggar i takt og syng med.

For det blir betre, og konserten avsluttast langt betre enn den starta. Ansikta vender mot publikum, og innadvent blir til konsentrert, men energisk.

På Øyafestivalen si største scene, med eit avslørande dagslys og høge forventingar frå publikum, klarar dessverre ikkje Tame Impala å overbevise oss. Vi takkar for oppmøtet, og håpar på at platene heldt fram med den høge kvaliteten dei har vist på innspelingane til no.

Musikkjournalistene fra Radio Revolt kommer daglig med konsertanmeldelser og omtaler fra Øyafestivalen 2013. Følg med på dusken.no for løpende oppdatering.

Powered by Labrador CMS