
UKA er best igjen
UKA er årets vinnar av Robert Millar-prisen. Dei slår igjen profesjonelle aktørar, og studentfrivilligheita har no vunne prisen for fjerde gong.
Tekst: Birte Marie Molven Fjellro og Hilde Nærland
Namnet kjem av den irske presten, Robert Millar, som kom til Trondheim i 1903. Han blei seinar kjend som grunnleggjaren av den moderne reklamen, med sitt mantra om “reklame som ikkje sel, er dårleg reklame”. UKA er no den aktøren som har vunne prisen flest gongar.
Kriteria for å vinne er at verksemda må vise til strategiske og konkrete salsmål, marknadsføre seg på ein innovativ og kreativ måte, og kunne vise til konkrete resultat av si marknadsføring.
Mestvinnande
Frå 40 nominasjonar vart ti av desse invitert til å halde ein kort presentasjon av sin marknadsstrategi for ein jury. Juryen består av styremedlem i Trondheim Markedsforening, og desse valde ut tre finalistar. Desse tre finalistane var Norgeshus, Orkel og UKA, som alle presenterte sin strategi på Markedskonferansen i Trondheim i går.
UKA har vunne Robert Millar-prisen fire gonger, og er med det nettopp det mestvinnande selskapet.
– Det er skikkelig kult at vi som frivillige studentar visar oss som dei mest nytenkjande. Det å få denne prisen viser igjen at UKA er leiande aktørar på marknadsføringa i Trøndelag.
Solid stretegi
Ifølgje juryen klarte UKA å vise ein god strategi og solide mål, samt god målgruppetenking og kreative resultat. Dette, saman med nøye analysar av marknadsføringa og resultater av den, førte til nok ein ny seier.
Kva betyr det for UKA at de vann denne prisen?
– Det er veldig stas at UKA nok ein gong har vunne denne prisen. Vi har under arbeidet med UKA17 satsa svært mykje på å fornye oss på sosiale medier, vere innovative og jobbe hardt og målretta. Restultatet blei denne prisen, noko vi er svært stolte over.
200.000 til UKA19
Med Robert Millar-prisen kjem også ein pengepremie på 200 000 kroner, øyremerka til annonsering.
– Det er jo festa penger, og det er tidleg å sei akkurat no kva pengane skal brukast på. Likevel går dei nok vidare til UKA19, for å drive ein like sterk marknadsføring også under denne festivalen.
Julian Mæhlen, UKEsjef for UKA19, tenkjer ikkje på Robart Millar-prisen som eit direkte mål for festivalen, men ønskjer å drive ein så god marknadsføring som over hovudet mogleg.
– Det er enda svært tidleg i prosessen, men det er fantastisk å sjå kva UKA kan få til, og kva også vi i UKA19 kan strekke oss etter.