Vakker vokal

Rykestrasse 68 av Hanne Hukkelberg (Propeller Recordings)

Publisert Sist oppdatert

Dei som kjenner Hanne Hukkelberg si musikk frå før, vil nok ikkje bli overraska av denne plata. Ein tørr og skjør vokal ligg fremst i lydbiletet frå start til slutt, med eksperimentell jazz som eit slags bakteppe. Produksjonen framstår som profesjonell, og den rotete jazzpopen med innslag av ei rekke ulike instrument fungerar fint i samspel med vokalen.

Illustrasjon:  

Med seg på laget har Hanne Hukkelberg musikarar frå band som Shining, Jaga Jazzist og Xploding Plastix, og ein kan lett kjenne att element i musikken frå dei ulike grupperingane. Men sjølv om musikarane gjer jobben sin, er det den særeigne vokalen albumet står og fell på. Her må vi gi honnør til produsent Kåre Chr. Vestrheim, som tør å legge stemma så sterkt i fokus.

Hanne Hukkelberg syng vakkert, og kjem tett innpå lyttaren. Det er lett å trekkje parallellar til Alison Goldfrapp, Beth Gibbons og Stina Nordenstam, samstundes som det musikalske landskapet kan minne om Björk og norske Velvet Belly. Likevel, Rykestrass e 68 står absolutt støtt på eigne bein.

Sistesporet «Pynt» overraskar med norsk tekst. Med slentrande bassklarinett, klapping og knipsing framfører Hukkelberg obskure linjer som «vi bygger i høyden/en fasade (...) der bærebjelken/er spikret utenpå». Men det fungerar absolutt, og er høgdepunktet på plata saman med andresporet «Cheater's Armoury».

Dette er nok ei plate du vil lytte til for deg sjølv. Utan tvil har plata eit introvert preg, kanskje med unntak av «Cheater's Armoury», som allereie har vore ute som singel ei stund. Hanne Hukkelberg vil nok ikkje passe like godt på ein glad laurdagskveld som ein langsam søndagsmorgon, men i slike stunder er ho gull verdt.

Vakker, særeigen vokal og eklektisk popjazz i god produksjon. Verdt å sjekke ut!

Powered by Labrador CMS