Ein hyllest til Pink Floyd

I kveldens sending av Hittegodsklinikken har me teke med fire av våre favorittskiver av legendariske Pink Floyd.

Publisert Sist oppdatert

Året var 1993, og det var siste gong David Gilmour, Nick Mason og Richard Wright var saman i studio. Der hadde dei ikkje vore samla sidan Wish You Were Here-opptaka i 1975. Dette var utan bassist og grunnleggjande Pink Floyd-medlem, Roger Waters. Resultatet den gong blei The Division Bell. Sidan har keyboardist, Wright, forlatt vår jordiske verd. Gilmour og Mason møttes igjen i fjor og bestemde at opptak frå -93, som tidlegare ikkje er utgitt, no skal presenterast i eit flunkande nytt Pink Floyd-album. 10. november i år blir The Endless River sluppe - ein hyllest til Wright.

Dette gler me oss til, men med blanda kjensler av spenning og skepsis. Dette fordi The Division Bell, trass i å bli ein enorm salssuksess, ikkje går att blant dei beste Pink Floyd-albuma. Nei, ikkje like bra som produksjonane mellom 1967 og 1979, henhaldsvis klassikarane The Piper At The Gates of Dawn, The Wall og alt der i mellom.

Dette er nokre av verka me vil nytte høvet til å hylle i kveld. Så klikk deg inn på sida vår og sit klar klokka 21, då sendinga går av stabelen. Etter det kan du høyre den når det måtte passe deg på stream on demand. Etterpå anbefalar me å børste støv av dei gamle platene, og nyte dei i sin heilskap.

Takk du himmelske skapar for gudegåva Pink Floyd.

Powered by Labrador CMS