
Rådvill på Rhodos
Heilt ok avskjed med oslogutta i Rumble In Rhodos.
Det var starten av juni i år, du ante fred og ingen fare der du sat med eit glas appelsinjuice i neven og funderte på kva dagen ville bringe. Då valgte rockarane i Rumble In Rhodos å levere oppsigelsesbrevet sitt via Facebook. Etter 12 år, fire plater og må gudane vite kor mange hundre konsertar i 15 ulike land, bestemte dei seg for å kaste inn handkleet. Men dei ville avslutte med eit knippe konsertar, og som sagt så gjort. På Brukbar / Blæst var det fredagskveld duka for ein storslått avskjedskonsert.
Forventningane var til å ta og føle på, og Rumble In Rhodos entra scena til øyredøvande jubel frå eit nesten fullt Blæst. Lysfontene kunne ha framprovosert epileptiske anfall, det var varmt og stemninga var der oppe.
Dei fyrste par låtene drukna vokalen i lydbilete elles. Om det fortsett slik hadde det vore heilt i orden, då vokalen blei svært slitande i lengda. Men vokalist Thomas Bratlie var snar med å peike på mikrofonen og opp i lufta og lyden blei skrudd opp etter hans ynskje. Innimellom hylinga kom dei skamlause publikumsfrieria som perler på snor. Trondheim har alltid vore deira andre heimby og no ville dei spele gamle hits for gode folk.
La gå, sjølv om eit av kveldens høgdepunkt var «Entirely Loveless» frå sisteplata deira som kom for to år sidan. Moshpit er alltid underhaldande å beskue på trygg avstand. Den desidert beste augneblinken var då originalgitarist Frode Kristensen børsta støvet av gitaren sin og blei med på nokre låter, før han sa «Rock» inn i mikrofonen og viste djevelteiknet. Han hadde gløymt å børste støvet av «Korleis vere på scena»-handboka si.
Rumble In Rhodos gav det gjengse publikum det dei ville ha denne kvelden, alle hitsa sine akkurat slik ein kjenner dei frå platene. Mange fans gjekk nok heim nøgde etter denne kvelden, og musikk-Noreg vil høgst sannsynleg leve godt vidare.