
VEKAS ALBUM: Phil Cook - Southland Mission
Heit debut frå folk-fyren Phil Cook.
Phil Cook er kjend frå blant anna DeYarmond Edison og Megafaun. No går han solo og har teke eit oppdrag, nemleg å spore musikken tilbake til røtene den kom frå. Her er resultatet, ni skinande låter frå hans solodebut Southland Mission.
Dette er folk-musikk på sitt beste, det gjer så til dei grader stas på americana-sjangeren. Justin Vernon, også kjend frå nemnde DeYarmond Edison og Bon Iver bidrar på plata. Den opnar med «Ain’t It Sweet» som inneheld alt du kan be om, frå fele til slidegitarsolo.
Vidare tolkar han kompisen Charlie Parr sin «1922 Blues». I følgje Cook sjølv kjennes låta ut som utspringet av Mississippielva som brusar i veg til New Orleans. Hans eigen versjon «1922» får han til å kjenne seg uovervinneleg og fri, og der har du essensen av heile plata. Her er tonnevis med soul og ein sterk gospel-innflytelse, du kan ikkje anna enn å elske det.
Live bryt han ut i ville og heite jammar, dette er kanskje noko av det du kan vente deg når han står på scena på Operahuset i Oslo 3. oktober som oppvarmar for The Tallest Man On Earth. Phil Cook i seg sjølv er verdig eit hovudnummer spør du meg. Plata blir sluppe fredag, 11. september, la ho sette stemninga for hausten.