
Markerte gjenopning på campus
Leiinga ved NTNU og Studentskipnaden inviterte til kakeselskap i Trondheim, Ålesund og Gjøvik
I lunsjen fredag inviterte leiinga ved NTNU og Studentskipnaden til markering av gjenopninga av samfunnet. Her blei det servert gratis kake i alle NTNU sine kantiner, samt musikalske overraskingar og innslag frå dei tre studentbyane. Under Dusken tok turen til Sit-kantina Hangaren for å sjekke stemninga.

Stream og show

Med dette kakeselskapet ynskjer NTNU å takke alle for innsatsen etter 561 dager med digital undervisning, hjemmekontor og skiftande råd og regler. Rektor Anne Borg heldt ei gledeleg tale, som blei strømma direkte til andre kantinar ved NTNU.
Under sendinga vart det og opplyst at innsjekksystemet blir fjerna måndag 11. oktober som det siste smittevernstiltaket ved NTNU, skriv NTNU på Innsida. Då blir det lenger ikkje nødvendig å skanna QR-koder for å registrera kva rom ein oppheld seg i. Eigentleg skulle tiltaket ha vart ut oktober, men NTNU fjernar tiltaket no sidan restriksjonane elles i samfunnet er vorte fjerna.
Det blei vist snuttar av studentar som fortalde korleis dei kom seg gjennom pandemien. Videoinnslag av vaktmeister som jaktar på studentar som ikkje har sjekka inn med QR-kode var eit morosamt blikk på studentopplevinga av pandemien.
Blant dei musikalske innslaga var Strindens Promenadeorchester som kom marsjerande inn i kantina i kjent stil.
LES OGSÅ: Endelig moshpit under Arif
Kakeglade studentar

Kantinearbeidarane kan fortelje at dei hadde bestilt så mykje som 35 kaker berre til Hangaren, og alle forsvann etter ein times tid. Køen blei lang, og mange studentar måtte skuffa gå tilbake til førelesning og jobbing, utan kake i hendene.
I kantina møter vi dei internasjonale studentane Niloufar Moaddeli og Lina Gonzalez , dei ser ut til å nyte kaka.
– Det er kjempekjekt, vi har venta på ein markering som dette. No kan vi endeleg sosialisere oss ordentleg med venar, og kaka er nydeleg!
På andre sida av kantina sit Ingrid Omdal og Oda Gripenborg og reknar mattestykker medan Strindens Promenadeorchester marsjerar ut av rommet.

– Vi har sete her og jobba med skule og berre hatt det i bakgrunnen. Det er veldig koseleg, når Strinden kom blei det skikkelig god stemning, eg fekk nesten litt frysningar, det er veldig gøy, seier Omdal.
Full kantine
Vi skal ta bilete av dei, men køen til kakebordet er blitt så lang at fotografen ikkje slipp heilt til.

– Det er rart å sjå så mange samla på ein plass, seier Gripenborg.
Kai Haakon Melberg er sjølv student ved Universitetet i Agder, og fortel at han ikkje er vandt med liknande feiring.
– Det er jo berre kjempekoseleg! Det er flott å få folk samla, og for meg som eigentleg ikkje går her var dette ein fin grunn til å stikke innom.
Liveprogrammet leggast ut iløpet av helga med engelsk teksting, og blir tilgjengeleg for alle tilknytta NTNU.
Ingrid Omdal er aktivt medlem av Studentmediene i Trondheim.
SE UKA FEIRE GJENÅPNING: