– Er det greitt å tørke seg i ræva med Gud?

Har me sett det siste til blasfemi på norske dassrullar, og kvifor er pilotane i Norwegian så jævlig vrange? Det nye radioprogrammet Reaktor gjev deg kjeklinga du ville ta del i, men aldri fekk tid til.

Tekst: Nyheitsredaksjonen

Fakta

Reaktor

  • Radio Revolts nye nyheitsmagasin.
  • Premiere laurdag 7. mars, kl. 14.00.
  • Tek for seg aktuelle og uaktuelle tema, internasjonale, nasjonale og lokale hendingar, samt studentrelaterte aktualitetar og kvardagsleg kuriosa.
  • Sit du sjølv inne med noko du vil ta opp i plenum? Gjer vel og send dine frustrasjonar og beste tips til reaktor@radiorevolt.no

Klokka 14.00, laurdag den 7. mars er dagen du har venta på. Då er tida komen for å fylla i kaffikoppen, venda snuten mot livestreamen og peila deg inn på Radio Revolt sitt heilt ferske nyheitsmagasin Reaktor. Der tek me temperaturen på nyhendebildet og spør: Kva går det i, eigentleg?

TIPS OSS: Sit du sjølv inne med noko du vil ta opp i plenum? Gjer vel og send dine frustrasjonar og beste tips til reaktor@radiorevolt.no.

Norwegian-konflikten har prega den siste veka, og me ser nærmare på kva saka handlar om, utan å nødvendigvis by på løysinga. Vidare skal me innom den helvetes blasfemien, og korleis Mette Karina Thorp har endra alle nordmenn si favoritthøgtid for alltid.

Og som det ikkje var nok, skal me sjå nærmare på korleis bombehundane frå Oslo endeleg møtte sin overmann i ei lita vestlandsbygd.

Bak mikrofonane står Hanne Våge Risan, Rikke Sande og Gøran Rømo Mogaard. Saman tek me deg med inn i det travle og vrimlande nyheitsbildet som herjar verda, laurdag etter laurdag gjennom heile våren.

På agendaen til Reaktor framover står interessante debattar, kronikkar og utrop, og kanskje til og med ein reportasje eller to. Der blir både aktuelle og uaktuelle tema, internasjonale, nasjonale og lokale hendingar, samt studentrelaterte aktualitetar og kvardagsleg kuriosa. Tune inn!

Powered by Labrador CMS