Immekos

Studentmediene tar med seg sofa, studio, kulepenn, og rykande fersk Under Dusken til immatrikuleringa på NTNU Gløshaugen.

Publisert Sist oppdatert

På tirsdag morgon kjem alle dykk nye studentane til Gløshaugen for å immatrikulerast. Radio Revolt kjem til å sitte der frå klokka ni for å ynskje velkommen. Me har med oss våre beste venar frå Under Dusken og TVn, og ikkje minst, DEG!

Radioen sit der og pratar frå klokka ni til seremonien startar. Da lar me Trondheim Studentersangforening og rektor Gunnar Bovim ta over før me er tilbake ca. halv elleve, og preiker laust og fast om det å vere ny student i Trondheim.

09:00 - Hei og velkommen

09:20 - Immatrikuleringsseremoni

10:30 - Livesending frå Gløshaugen

11:30 - Takk, farvel, og lykke til

Me er en gjeng på Studentersamfundet, og du finn oss derfor ved Samfundet sin stand. Då er det berre å slå av ein prat om Trondheim, fadderveka, Studentersamfundet, Studentmediene, eller kva som helst anna du måtte lure på. Kven veit, kanskje me til og med lar deg snakke litt på lufta?

Powered by Labrador CMS