Regjeringa satsar på samlokalisering

-- Eg kan fortelje at regjeringa går inn for ein, felles campus på Gløshaugen, sa Erna Solberg i ein pressekonferanse frå Trondheim i dag, melder NRK og Universitetsavisa.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag heldt Statsminister Erna Solberg pressekonferanse ved NTNU, under opninga av det nye nullutslipps-laboratoriet. Tilstade var óg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og olje- og energiminister Tord Lien.

– Regjeringa går no inn for ein felles campus på NTNU. Det er den klart beste løysinga. Det vil gi betre utnytting av lokala og kortare avstandar for studentane. Dette vil også gjere dette til eit meir attraktivt universitet internasjonalt. No er ambisjonen lagt, det er denne vegen det går, men dette vil ta mange år å få på plass, sa Solberg under pressekonferansen i følgje NRK.

Kan fortsett ta 20 år

Tidligare har Under Dusken skriven om forslaget til samlokalisering som er antatt å ta tjue år. Universitetsavisa meldar at verken kva for samlingsmodell som skal bli brukt eller kor lang tid samlokaliseringa skal ta er avgjort.

– Moglegheiten ved det som blir Noregs største universitet er store. Dette vil bety at vi kan bygge eit større, betre og sterkare universitet, seier Røe Isaksen til NRK.

I følgje Universitetsavisa sa olje- og energiminister Lien at dei forventar liten motstand frå Stortinget. – Det viktige er at besluttinga er tatt. Eg ser ikkje for meg at det kjem til å ta 20 år, men det må vi komme tilbake til, sa Lien til Universitetsavisa.

Studenttinget jublar

Leiar av studenttinget, Jone Trovåg var særs fornøgd med kunngjeringa skriv Universitetsavisa i ein tilhøyrande artikkel. – Fyrst og fremst er dette ein gledens dag. Dette har studentpolitikarane på NTNU kjempa for i over ti år. Det er fantastiske nyhende, sa Torvåg. Vidare sa Trovåg at han ønskja seg ein levande og open campus, med sosiale arrangement, og kanskje ein plass der ein kan ta seg ei øl.

Powered by Labrador CMS