
Smittande glede og galskap
Instrumentaltrioen The MaXx var andre konsert ut på årets Trondheim Calling.
I naiv tru skulle det gå greit å springe frå Trondheim Callings opningskonsert på Cafè Løkka for å rekke festivalens andre band ut på BrukBar/Blæst. The MaXx var diverre allereie godt i gang då eg kom heseblesande, dei siste tonane frå låta «DöDöDö» tok nonchalant imot meg. Her var det berre til å hive av seg jakka og ta inn over seg det foreståande.
Og kva var det for noko? The MaXx er ein svensk trio beståande av Petter Kraft på elektrisk gitar, Oscar Grönberg på keyboard og Tomas Järmyr på trommer. The MaXx er eit inferno av bråe temposkifte, energi ein sjeldan ser hjå voksne menn og ei enorm glede over å spele musikk. Ei glede som uungåeleg smittar over på publikum. Heilt blotta for vokal var dette forfriskande og nytt.
Dei lar seg vanskeleg plassere innan nokon sjanger, men karane skildrar sjølv musikken sin som ein gal kombinasjon av rock og dance med element av pop og elektronika. Dei nemnde temposkifta lar tankane vandre til Creedence Clearwater Revivals «Ramble Tamble».
Under «Hyper» utspelar eit sceneshow seg framfor augene våre. Grönberg og Järmyr sit planta på krakkane sine, men med overkroppen spring dei synkronisert mot oss. Grönberg tar seg ut som tilsynelatande lett tilbakeståande med tunga ut av munnen, medan han hamrar laus på keyboardet. Alle tre med konstante glimt i augene og smil retta mot kvarandre og mot publikum.
Fekk du ikkje med deg gårsdagens konsert kan du framleis rekke å sjå The MaXx på Fru Lundgreen på laurdag kl. 22.00 under Trondheim Calling. Før det bør du sjekke ut trioen på Sound Cloud.