Universitas frikjent i PFU

Tre UiO-studentar klaga inn studentavisa Universitas for Pressens faglige utval (PFU) etter at dei følte seg framstilte som potensielle terroristar.

Publisert Sist oppdatert

Klagen deira vann ikkje fram, melder Journalisten.no.

Universitas dekka i august ein forskarkonkurranse innanfor fagfeltet syntetisk biologi. Dei intervjua tre studentar som deltok, i tillegg til direktør Sissel Rogne i Bioteknologirådet.

Rogne advarte om faren for bioterrorisme i fagfeltet som heilheit, men studentane meinte at avisa gjennom tittel, ingress og biletbruk linka terrorfaren til dei personleg. Særskilt ein student som var avbilda med hijab følte seg stigmatisert.

PFU var samstemte i å avvise klagen, og meinte Universitas ikkje har brote god presseskikk. At biletet av ein person i hijab gjev assosiasjonar til terror, som klagarane meinte, vart særleg avvist. Utvalet meinte det snarare ville ha vore diskriminerande å unngå slike bilete. Leiar Bjarne Johnsen i PFU uttrykte difor at klagarane hadde overreagert på Universitas si vinkling.

– Artikkelen er eit solid arbeid, og godt innanfor presseskikken, avslutta han.

Powered by Labrador CMS