Ut for å sheike eller ut for å leike?

Ny i byen? Er du litt forvirra? Skrik sjela di etter eit avbrekk frå studiekvardagen? Her er ein liten guide til kor du kan sheike på kroppen, eller leike med toppen.

Tekst: Hanne Christin Våge og Jahn Ivar Kjølseth

Raus

Nordre gate 21

Er du lei av øl og vin? Vil du ut på byen og ta deg ein god drink? På Raus finn du byens beste drinkar. Vil du på Raus må du rekne med å måtte vere litt raus - prisane er ikkje av dei mest studentvenlege, noko klientellet ber preg av. Her er det «dress to impress». Om ikkje anna, kan dei i det minste skilte med god atmosfære og bra mat, og vert drinkane litt for dyre får du ein øl for 64 kr på torsdagar.

Passar for: Du som har lyst til å kle på deg finkjolen og drikke fancy drinkar. Stengetid: 02.00

Three Lions English Pub

Brattørgata 10-12 B

Eg har høyrd frå fleire hald at dette er byens beste sportsoppleving, sett vekk frå Lerkendal Stadion. Frå måndag til sundag viser dei alle kampane du vil sjå på storskjerm, og under dei engelske kampane er stemninga ofte elektrisk. Du får ein studentpils til 76 kr heile veka, og på toppen av det heile har dei 25 forskjellige burgarar å velje mellom. Men det er ikkje berre fotball denne puben har å tilby. På torsdagar kan ein tjuvstarte helga med quiz, og runde av med livemusikk fredag og laurdag.

Passar for: Du som vil slappe av med ein øl og litt fotball attåt. Stengetid: 02.00

Downtown

Nordre gate 28 Pianobar, partybar, vanleg bar. Til og med nattklubb, kanskje? Ja, innanfor dei same veggane fnn du alt, alltid. Her kan du gnikke deg inntil kveldens fangst på danse- golvet, syngje med på godlåtane i pianobaren eller berre plante ræva på ein krakk i baren.

Passar for: Alle? Eller ingen? Det er ikkje godt å seie. Her pratar me reell partystemning for alle pengane. Stengetid: 02.30.

Diskoteket

Carl Johans gate 3

Diskoteket er som namnet tilseier eit diskotek. Her smakar både drinkar og øl godt, og øla kostar forøvrig 64 kr på torsdagar. Ein kan kalle utestaden ei slags blanding mellom nattklubb og bar. Er det bar du vil ha, så er det lurt å møte opp når dei opnar. Når klokka nærmar seg midnatt pleiar partystemninga å råde i lokalet. Og eit lite apropos til alle tacoglade menneske: kvar fredag har dei taco-buffét til 99 kroner.

Passar for: Du som vil gå ut tidleg og ta det roleg. Eller for deg som elsker å sparke dansegolvet. Stengetid: 02.30

Circus

Olav Tryggvasons gate 27

Circus er ein berykta studentplass. Her får du øl for 38 kr heile veka, dessutan er det ein av få utestader i Midt- byen med 18-års aldersgrense. I tillegg har dei (nesten) alltid gratis inngang, og ein haug med kjekke gutar for den single jenta. Dei spelar primært rock på anlegga, og blir av mange beskrive som byens vorspielstad. Den årlege piratfesten dei arrangerar vil du ikkje gå glipp av. Det einaste kjipe med denne staden er størrelsen på lokalet. Så er du seint ute risikerer du å bli ståande som sild i tønne.

Passar for: Du som kjenner det rykkar litt i rockefoten. Stengetid: 02.30.

Work-Work

Munkegata 58

Er du ein gaming-nerd? Eller ein ølhund? Eller begge delar? Da er Work-Work plassen for deg. Dei har eit imponerande ølsortement på tapp. Ein del av ølprisane er litt stive, men om lommeboka er tynn får du ein heilt vanleg pils til 69 kr. I tillegg er det nok aktivitetar å bryne seg på. Her kan ein spele brettspel, Nintendo, shuffle-board, og er du ein old school-type så kan du også spele pinball i kjellaren. Work-Work er ikkje berre ein vanlig bar, men også ein møteplass for gründarar. I andre etasje har blant anna skaparane av mobil- appane Zedge og Wordfeud kontorlokaler, og det arrangeres fleire foredrag i baren gjennom semesteret.

Passar for: Øltørste studentar med interesse for teknologi og spel. Stengetid: 02.00 (00.00 på mandager)

Studio 26

Nordre gate 26

Discokuler og funky musikk - Studio 26 ber sitt preg av 70-talet. Er du glad i discofeelingen er det ikkje tvil om at denne staden er verdt eit besøk, eller to. Her kan du dra på deg skjorta og shake med lettkledde jenter. Eller danse med strigla gutar med nypussa sko. Kvar torsdag er det Thirsty Thursday, kor du får ein øl for 49 kr.

Passar for: Du som føler behovet for svinge med både det eine og det andre. Stengetid: 02.30

Trondhjem Mikrobryggeri

Prinsens gate 39

Trondhjem Mikrobryggeri er Noregs eldste mikro- bryggeri utanfor Oslo. Her får du både Trondheim pils (76 kr), porter, og fleire ølvariantar til grei pris. Lokalet er stort og romslig med mange sittebåsar for deg og venane dine. Dei bytter ølsortementet sitt stadig vekk, og i august kan du blant anna nyte tre forskjellige IPA dei har brygga sjølv.

Passar for: Den som føretrekk ei god øl i staden for å sleppe seg laus på dansegolvet. Stengetid: 02.00

Merk: Denne artikkelen er hentet fra Under Duskens Studentguide, som inneholder tips og guider til alle nye studenter. Plukk opp din Studentguide ved semesterstart, eller les mer på dusken.no

Powered by Labrador CMS