
Vinn gåver til valentinsdagen!
KONKURRANSE: Nesten Helg deler ut premie frå Kondomeriet og Lyche.
Me i Nesten Helg vil gjere den allereie vakre valentinsdagen enda litt betre for deg. Me deler ut ein heilfrekk gåve frå sjølvaste Kondomeriet, samt Lycheburger til to personar, sjølvsagt på Lyche!
Det einaste du treng å gjere er å dele ditt beste eller verste sjekketriks med oss ved å sende det på e-post til nestenhelg@radiorevolt.no. Nøl ikkje, men hiv deg med i konkurransen, og ta sikte på å vinne heile skiten slik at du kan overraske den spesielle han eller ho med ein heilaften på årets store dag!
Vinnaren vil bli kåra i slutten av dagens sending som går av stabelen 15:00-17:00. Så sit klar med internettmaskina di og lytt nøye til Nesten Helg live på Radio Revolt, og finn ut om nettopp du blir vinnar av denne sexy og smakfulle premien!