Amerikansk humor i Olavshallen
Pablo Francisco - Stand up - Olavshallen - 22.03.09
Mikrofonartisten Pablo Francisco fyllte søndag Olavshallen med pulehumor og treffande imitasjonar. Den amerikanske stand-up komikaren er no på ein liten noregsturné med showet "Who you foolin", og han vitja både Oslo og Stavanger før han kom til Trondheim.
Med seg hadde han to andre amerikanske stand-up'arar, og i halvannan time serverte dei humor - the American way. Den eine røyke-hasj-og-pulesketsjen avløyste den andre, men det sneik seg og inn nokre latinske parodiar, ein og annan negervits og så klart fleire referansar til både film- og musikkverda.
Fokuset på hasj og puling vart lansert av dei to oppvarmarane, og Francisco vidareførte det i sine sketsjar. Han funderte til dømes over kor god ein er i senga dersom ein er høg på hasj og på kva slags type musikk det er vanskeleg å ha sex til. Her kom teknosjangeren dårleg ut, noko den og gjorde ved fleire tilfelle seinare i showet.
Det særeigne med opptredenane til Francisco er hans unike måte å kombinere eit breitt stemmeregister med god mikrofonhandtering på. Det finst vel ikkje den lyd han ikkje kan etterlikne, og med eit slikt utgangspunkt vert opptredenane mykje meir enn ein fyr som står på ei scene og fortel vitsar. Det vert meir som ulike filmklipp der Francisco tek på seg alle rollene og akkompagnerar dei utallege lydane med markerte ansiktsuttrykk og rørsler. Han gir liv til vitsane og karakterane, og det er aldri kjedeleg.
Showet tok i nokre tilfelle utgangspunkt i norske ord eller fenomen, og Francisco opna med ein imitasjon av ein superhelt ved namn Trondheim. Vidare gjorde han narr av det norske ordet politi, som han meiner har ein meir feminin klang enn det maskuline og tøffe "police". Humoren er treffande, og han har ei unik evne til å få med seg publikum. Etter kvart som hasj-og pule-humoren avtok, spelte han meir på kjente personar og kulturelle forskjellar, noko som løfta showet kvalitetsmessig.
Den etterlikninga Francisco kanskje er mest kjend for, er rolla som filmtrailermannen. I byrjinga brukte han denne til å lansere superhelten Trondheim, og før han takka for seg oppfylte han nok mange fan sine ynskjer ved å avslutte det heile med traileren til "Little Tortilla Boy", der Arnold Scwarzenegger har hovudrolla.
Pablo Francisco si forestilling er gutehumor på sitt beste, men han er så dyktig at uansett kjønn vil ingen forlate showet utan å ha strekt litt på lattermusklane.