
Blind klageordning
Kunnskapsdepartementet snur og vil revurdere blind sensur som klageordning, melder Universitas.
Kunnskapsdepartementet innføyrde sommaren 2014 blind sensur for alle utdanningsinstitusjonane i Noreg. Den ynska effekten var betre kvalitet i karaktergivinga, men ifølgje Universitas har berre spriket mellom karakter før og etter klage auka. KD innrømmer at effekten ikkje er den dei ønska.
Vilkårleg karaktersetting
Før det blinde sensursystemet, der den nye sensor fekk både karakter og begrunning frå fyrste vurdering, var det berre rundt 25 prosent av studentane ved UiO som opplevde endra karakter melder Universitas. Det har no auka til halvparten av klagane, der heile ein av ti går opp eller ned to eller fleire karakterar iføglje UiO sin statistikk. Johansson i UD seier til Universitas at departementet må se på politiske tiltak for å gjere systemet mindre vilkårleg enn det er i dag.
– Vi ser no på om det er noko vi kan gjere for at forskjellane i karaktersetting kan bli mindre, forklarar ho.
Blir oftare satt ned
Uheldigvis skriv Universitas at dette ikkje kjem studentane til gode, men at fleire opplev å satt ned karakteren sin enn før. Leiar Therese Eia Lerøen i NSO seier til Universitas at dei likevel vil behalde tiltaket dei har vore med på å kjempe gjennom, og at det er mangelfulle sensorvegleiingar som er hovudproblemet.