
Campusprosjektet – kva skjer vidare?
Det kan vere vanskeleg for den jevne lekmann å forstå prosessen kjend som Campusprosjektet. Under Dusken prøvar her å nøste opp i alle rapportane og utvala, og gjere det klarare for lesaren kva som har– og vidare skjer i prosjektet.
2015
Regjeringa går inn for ein samla campus i Trondheim.
2016
Februar: Prosjektorganisasjonen for Campusprosjektet vert oppretta. Innanfor dette prosjektet går det føre seg tre parallelle underprosjekt: Fysisk plan/planprogram Kartlegging og konseptutvikling Fagleg lokalisering.
November 2016 - Mai 2017: Idékonkurransen for fysisk plan av campus går føre seg. Den fysiske planen er grunnlaget for Planprogram for samlet campus i Trondheim. Desse dokumenta tek føre seg plassering og storleik av nye bygningar.

2017
Mai: Oppstart av delprosjektet Kartlegging og Konseptutvikling. I dette delprosjektet spør ein seg sjølv kva campus skal innehalde. Her går prosessen i å definere kva type rom og areal ein treng på eit nytt universitetsområde og seinare kvar desse skal ligge i henhald til kvarandre.
15. mai: KOHT Arkitekter vinn konkurransen med konseptet «Veien Mai 2017 Videre».
10. november: Første rapport frå utval for fagleg lokalisering. Det tredje delprosjektet i Campusprosjektet diskuterer kvar fagmiljøa skal ligge på den nye campusen, samt korleis dei bør ligge i henhald til kvarandre. Utvalet skal laga ein tredelt rapport der dei drøftar og tilrår ulike alternativ til fagleg lokalisering. Denne første rapporten inneheld prinsipp og kriterier til fagleg lokalisering.
Les også: Campusutbygging nå vedtatt
2018
19. januar: Regjeringa vedtek eit konsept for samling av campus.
6. mars: Bygningsrådet i Trondheim vedtek Planprogram for samlet Campus. Essensen i planprogrammet er tre alternativ til konsept. Det er viktig å understreke at desse ikkje er alternativ til kvarandre, men alternativ til ulike konsept, som i sluttresultatet kan kombinerast eller endrast. Hovudskilnaden mellom dei tre alternativa er instillinga til å bygge i Høyskoleparken. Forslaget om å bygge i park har engasjert, og det er betydeleg motstand å finne hjå lokalpolitikarar, naboar og organisasjonen Bevar Høyskoleparken. Etter at ein har gått vekk frå å bygge nordvest i parken, går debatten rundt om ein skal bygge i Hestehagen eller ikkje, som er området sørvest i parken, mellom Gløshaugen og Handelshøyskolen.
4. mai: Høyringsfristen for planprogrammet går ut. Ein god del av høringssvara går nettopp på bygging i park.
1. juni: Forslag til arealkonsept offentleggjort og lagt ut for høyring Rapporten Arealkonsept kjem, der ein utbroderer ulike alternativ til korleis areala skal delast mellom dei ulike formåla, slik at NTNU sine mål best mogleg vert møtt. Det er i dette delprosjektet ein kjem til å avgjere kor mykje plass til dømes linjeforeningskontor og andre studentorganisasjonar får tildelt, og kor stor plass professorar og andre akademikarar får til sine arbeidsplassar.
15. juni: Andre rapport frå utval for fagleg lokalisering. Denne rapporten handlar om rammevilkår, behovsanalyse og utbroderer premiss og prinsipp for vidare planlegging. Den legg fundamentet for neste rapport.
Tida framover
3. september 2018: Høyringsfrist for rapporten om arealkonsept Om ein har innspel til arealkonseptrapporten, kan ein sende inn svar fram til fristen.
Hausten 2018: Planprogrammet skal opp i bygningsrådet igjen, før endeleg vedtak i bystyret. No gjennomfører NTNU moglegheitsstudier, før dei skal skrive eit nytt planprogram. Dette skal deretter handsamast på nytt i bygningsrådet, og så endeleg i bystyret. Det er planlagt at alt dette skal skje i haust.
15. desember 2018: Tredje og siste rapport frå utval for fagleg lokalisering. I denne rapporten leggjast konkrete alternativ til plassering av fagmiljøa fram.
November/desember 2018: Statsbygg kjem med sin rapport for oppstart av forprosjekt, kalt OFP-rapporten, som regjeringa skal ta si avgjerdsle ut frå.
Designfasen, oppstart 2020:
I denne fasen skal rom designast til å passe føremålet deira. Funksjonalitet vert fokusområde. Planen er at fasen skal avløysast av byggefasen, med oppstart tidlegast 2020.
Byggefasen, 2025-2027:
Planlagt ferdigstilling mellom 2025 og 2027.
Les også: Gutter underrepresentert på flere studieretninger ved NTNU