Dette er kandidatane til samfundetleiarvalet

Jacob Sjødin og Gina Eckhoff er dei to kandidatane som har stilt til samfundetleiarvalet så langt. Nåverande leiar trur fleire kjem til å stille.

Publisert Sist oppdatert

Førstkomande torsdag, 27. februar, skal Studentersamfundet sine medlemar velje ny samfundetleiar. Leiaren, saman med sitt styre, skal representere Samfundet og utvikle huset sin politiske profil. Ein stor del av dette er å arrangere Samfundsmøte. Så langt har to kandidatar stilt: Jacob Sjødin og Gina Eckhoff.

Det er framleis mogleg for andre å stille som kandidat, heilt fram til første votering på torsdag. På spørsmål om ho trur det er fleire som kjem til å stille, svarer nåverande samfundetleiar Frida Jerve dette:

**INKLUDERING:** Gina trekker fram viktigheita med å inkludere fleire campusar på Huset.

– Eg er litt usikker, men eg trur det.

Leiarvalet startar kl. 18 i Storsalen og vil også bli strøyma. For å stemme må ein ha med det raude medlemskortet. Ein kan stille spørsmål til kandidatane, men Jerve oppfordrar til at ein ikkje bør spørje om ting som allereie er spurt om.

– Still gjerne spørsmål, men prøv å ha konkrete spørsmål, seier Jerve.

Medlemar skal påverke mer

Jacob Sjødin

  • Alder: 22 år
  • Studerer: Matematikk, master
  • Er frå: Oslo
  • Tidlegare verv på Samfundet: Tre år aktiv i Regi, nestleiar i revy UKA-19, også med i revygruppa under UKA-17

Kva er din motivasjon for å stille til samfundetleiar?

Eg trur eg hadde gjort ein god jobb. Eg vil gjerne gi den tilhøyrsla eg sjølv har føla til Samfundet, tilbake til medlemane.

Kva gjer deg eigna som samfundetleiar?

Eg kjenner huset godt og eg er veldig opptatt av at folk skal vere involvert. Eg er dreven og engasjert, og det tenkjer eg at ein god leiar bør vere. For meg er det viktig å få eit grunnlag basert på medlemsmassen si meining og at dei skal påverke meir kva som skjer på huset.

Kva vil du fokusere på som samfundetleiar om du blir valt?

Nybygg kjem til å henge over hovudet på den som blir valt. Eg vil involvere medlemane og opne opp prosessen. Eg meiner at medlemane må ha eit forhold til prosessen, eller så blir det ikkje eit suksessprosjekt.

Kva er ditt draumesamfundsmøte og med kva for innleiarar?

Eit klimamøte med norske toppolitikarar, der ein kan grille dei og kjøre dei på klimatiltak i Noreg. Og helst invitere med kritikarar som har litt peiling, så dei kan stille gode, faglege spørsmål.

Tredelt målsetting som samfundetleiar

Gina Eckhoff

  • Alder: 21 år
  • Studerer: Integrert master i samfunnsøkonomi
  • Er frå: Oslo
  • Tidlegare verv på Samfundet: To og eit halvt år aktiv i Markedsføringsgjengen, det siste året som gjengsjef

Kva er din motivasjon for å stille til samfundetleiar?

Eg har ein tredelt målsetting for å bli leiar:

  1. Eg ønskjer å jobbe for å gjere Samfundet meir inkluderande.

  2. Eg vil at terskelen for å delta på Samfundet senkast. Alle studentar i Trondheim skal føle at dei kan delta i organisasjonen og at dei har rett til å vere på Samfundet sine arrangement. Det nåverande styret har vore flinke til å senke terskelen for å delta på samfundsmøte, og eg vil vidareføre dette til å gjelde alle type arrangement på Samfundet.

  3. Eg vil synleggjere Samfundet som ein politisk organisasjon. Vi kan bli enno flinkare med å gjere resolusjonsvedtak og få det ut i media. Vi kan bli ein tydlegare stemme på vegne av medlemsmassen vår og flinkare til å vise at vi er med i samfunnsdebatten. Spesielt er dette viktig nå, når vi prøver å få gjennomslag hos politikarane for finansiering av nybygg.

Kva gjer deg eigna som samfundetleiar?

Eg har allereie leiarerfaring, eg er vant til å jobbe i team og eg er strukturert og ansvarleg. Eg har sete i driftsstyret på Samfundet, og der har det dukka opp mange tema som inspirer meg til å gjere Samfundet enno betre.

Kva vil du fokusere på som samfundetleiar om du blir valt?

For å nå dei måla eg har satt meg over, vil eg for det første jobbe for å synleggjere Samfundet og gjengane på Samfundet for organisasjonar som jobbar med studentpolitikk og kommunen. Eg vil vidare innhente medlemane sine meiningar om Nybygg. Samfundet har vore flinke til å innhente meiningar om Nybygg frå gjengane, men vi må også hugse på medlemane. Ein annan ting eg ønskjer å fokusere på er inkludering av fleire campusar på Samfundet. Gjennom mitt verv som gjengsjef i Markedsføringsgjengen var eg så heldig å vere involvert i styret sin prosess med å inkludere BI på Samfundet, og eg vil gjere dette med fleire campusar, til dømes Dronning Mauds Minne eller Tunga.

Kva er ditt draumesamfundsmøte og med kva for innleiarar?

Eit møte om det psykososiale helsetilbodet i Trondheim, som er aktuelt nå. Eg ønskjer å få med leiaren for Velferdstinget, ein kommunepolitikar frå Trondheim, helst Rita Ottervik, og ein student som har erfaring frå dette systemet, som har opplevd problematikken.

Debatten om rulleskiløype: NTNUI støtter skianlegg i Estenstadmarka

Tips og forventningar til den nye samfundetleiaren

Frida Jerve har sjølv vore gjennom eit val for å bli leiar og fortel at det er ein tøff dag for kandidatane.

– Ein følar seg veldig eksponert, så håper alle som stiller er i godt humør på torsdag. Eg støttar alle som stiller!

Ho forventar at den framtidige samfundetleiaren ikkje er for opptatt av tradisjonar, men heller finn på noko nytt og gjer si eiga greie. I tillegg tilrår ho å ta opp eit godt styre.

– Det er mykje som skal gjerast, og da er det viktig å ha menneske rundt seg som ein kan stole på, seier Jerve.

Powered by Labrador CMS