– Eg frys på ryggen – av glede
Rein Thorvald Oftedal ved kvalifiseringssenteret for innvandrarar gler seg over at psykologistudentane ønskjer å hjelpe flyktningar.
– Mange flyktningar har vore i krigsliknande situasjonar. Dei har sett folk dei var glade i bli tekne av dage på grusomt vis, og mange har blitt utsett for hard vald sjølve. Dette set merke i sinn og sjel, seier Oftedal ettertenksamt.
Han er rådgjevar ved kvalifiseringssenteret, ei vidareføring av det tidlegare mottakskontoret for flyktningar og innvandrarar.
Oftedal vegrar seg for å bruke omgrepet psykisk sjukdom om plagene flyktningane har.
– Deira symptom er normale reaksjonar på unormale opplevingar.
Vonde nattetimar
Lista over reaksjonar er lang. Oftedal slår fast at søvnproblem er standard.
– Om kvelden vert det stille, og ein får tid til å tenke. Som sengekamerat har ein vonde tankar og vonde minner. Dette verkar inn på korleis ein fungerer dagen etter.
– Ein vaknar til ein norsk røyndom. Ein røyndom som er oppteken av å vere presis, vaken, opplagt og interessert. Dette er ei enorm utfordring. Det veit alle som har sove dårleg ei natt eller to. Da kan ein tenke seg korleis det er om ein har sove dårleg i veker og månader.
Oftedal håper at eit senter i regi av Mental Helse kan innehalde spesialkompetanse på bearbeiding av traume. Det er her hovudtyngda ligg, meiner han.
Hjelpearbeidaren er også kritisk til haldningar blant nordmenn.
– Nordmenn badar i eiga tryggheit og tilfredsheit. Vår utfordring blir å vise medmenneskelegheit og forståing. Vi må lære oss og forstå andre sine oppfattingar. Berre slik kan vi kommunisere utan barrierar bygd på mistydingar.
Stor utfordring
Trondheim kommune mottek 200-250 innvandrarar per år. Halvparten av desse er merka på ein eller annan måte av krig og flukt. Ei undersøking av eit utval flyktningar busette i Trondheim viser at omtrent 50 % av dei spurte hadde teikn på angst og depresjon. Vidare hadde ein fjerdedel plagar grunna traumatisering.
– Hjelpeapparatet har litt av ei utfordring, hevdar Oftedal, og legg til at han ikkje er sikker på om vi forstår kor stor denne utfordringa er.
– Nokre med makt og myndigheit må vakne opp og ta tak, appellerer han.
– Mange som kjem er flotte folk med masse ressursar vi kan gjere nytte av. Men dei treng hjelp til å utløyse desse ressursane. Vi må gi dei den hjelpa.