– Eg saknar visuelle hjelpemiddel

Vi spurde seks studentar om kva dei syns om Blackboard.

Publisert Sist oppdatert

Maja Håkonson (27), Arkitektur 5. året

Korleis har di erfaring med Blackboard vore så langt?

Maja Håkonson (27, Arkitektur 5. året)

– Eg tykkjer ikkje det har fungert så bra til no. Dette er nok fordi eg forrige semester hadde permisjon, og det har vore ein del kluss med å få inn masteremnet, som eg no tar, på BlackBoard.

Rannei Kaaså (24), Bygg og miljøteknologi

Saknar du Itslearning?

Ola Lium (21), Datateknologi 3. året

– Nei, ikkje eigentleg. Det er nok ein overgangsprosess, men eg trur det blir bra.

Frå venstre: Tobias Werner (24), Eirik Nordbø (23), Joakim Fredrikstad (22), Materialteknologi 4. året

Er det nokre funksjonar du ønskjer var på Blackboard?

– No er det berre tekst overalt, og ingen visuelle hjelpemiddel i til dømes sidemargen: det saknar eg!

Les også: Foreleser mener Blackboard er et elendig valg.


Rannei Kaaså (24), Bygg og miljøteknologi 5. året

Korleis har di erfaring med Blackboard vore så langt?

– Eg tykkjer Blackboard stort sett er uorversiktleg.

Saknar du Itslearning?

– Samanlikna med Blackboard likte eg Itslearning best, sjølv om ingen av dei fungerar optimalt.

Er det nokre funksjonar du ønskjer var på Blackboard?

– No er det stort sett berre tekst og ingen visuelle hjelpemiddel til dømes som navigering i sidemargen. Eg kunne gjerne ha tenkt meg meir visuelt og mindre tekst.


Ola Lium (21), Datateknologi 3. året

Korleis har di erfaring med Blackboard vore så langt?

– Eg tykkjer det generelt er dårleg. Då eg byrja å bruke Blackboard prøvde eg å ikkje tenkje på det dårlege ryktet, likevel vart eg ganske skuffa over nettsida. Det er svært vanskeleg å navigere seg til dei forskjellige emna, og eg syns det er vanskeleg å finne noko som helst. Det verkar ikkje som om forelesarane har fått ei skikkeleg innføring i datasystemet og difor ikkje klarar å bruke det optimalt.

Saknar du Itslearning?

– Nei, før var alt spredd på ulike portalar, medan det no er samla på ein stad. Det likar eg.

Er det nokre funksjonar du ønskjer var på Blackboard?

– Det er eigentleg generelt vanskeleg å navigere, noko som berre er plagsamt.


Tobias Werner (24), Eirik Nordbø (23), Joakim Fredrikstad (22), Materialteknologi 4. året

Korleis har di erfaring med Blackboard vore så langt?

Tobias: – Det er jo eit nytt system, men eg tykkjer ikkje det er så forskjellig frå Itslearning, det er like dårleg. Eg trur det er eit politisk statement frå NTNU, at vi ikkje skal vere undertrykt andre sine teknologiske system. #BovimMåGå!

Eirik: – Eg merkar eigentleg ingen forskjell.

Joakim: – Eg trur det er betre gruppeinnleveringsmoglegheiter, men det veit eg eigentleg ikkje.

Saknar du Itslearning?

Eirik: – Akkurat no, ja!

Joakim: – Det blir nok lettare med Blackboard når vi kan å bruke det.

Tobias: – Når eg tenkjer på ting eg saknar er ikkje Itslearning det første eg tenkjer på.

Er det nokre funksjonar du ønskjer var på Blackboard?

Joakim: – Nei.

Eirik: – Blackboard har nokre funksjonar som eg meiner Itslearning ikkje hadde. For eksempel at ein ser ei førehandframvising av innleveringsfiler.

Tobias: – Eg syns det er betre tilgang på emna på Blackboard, så nei, eg trur ikkje det.

Powered by Labrador CMS