Eidem vart ny VT-leiar
Velferdstinget (VT) valte 22-årige Sebastian Eidem som ny leiar torsdag kveld.
STUDENTPOLITIKK
Eidem vann valet etter å ha kapra 9 av Velferdstingets 16 stemmer. Motkandidatane Pål Ivar Brekke og Mari Husand fekk høvesvis 6 stemmer og 1 stemme.
22-åringen, som til dagleg studerer statsvitskap ved NTNU Dragvoll, gjekk til val på å skape eit meir proaktivt VT. Han ønskjer dessutan at organet skal bli meir synleg for vanlege studentar. Dette vil han gjere ved å få gjennom vedtak som berører alle studentar. Eit døme på eit slikt vedtak kunne, ifølgje Eidem, vere å presse ned prisen på frukt i SiTs storkiosk med fem kroner.
Eidem har bakgrunn frå Fadderutvalet på Dragvoll, Dragvoll-portalen og er dessutan engasjert i ISFiT. På same møte vart Ingjerd Lindeland valt til nestleiar, og Birgit Karlsen Segtnan, Kine Bakke og Pål Ivar Brekke vart valt inn i arbeidsutvalet til VT. Alle fem er valt for seks månader og trer inn i stillingane sine 1. januar 2007.