
Færre busshaldeplassar på Gløshaugen
Trondheim kommune skal bygge sykkelstiar og nye, men færre, busshaldeplassar gjennom Høgskuleringen. Bilane får bli.
Universitetsavisa skriv i dag at den nye gjennomfarstplanen for Høskuleringen skal koste 60 millionar og gjere fire busshaldeplassar om til to.
Kollektivtransport gjennom Høgskuleringen er problematisk, og kan ta opp til 15 minutter med dagens system, skriv Adresseavisa. Under høyringane om den nye utbygginga kom det fram at NTNU ville helst fjerne biltrafikken, men dette har vist seg å ikkje vere mogleg.
– Vi såg inga anna løsying enn å la bilane køyre gjennom Høgskuleringen som i dag. Ei stenging kan føre til auka trafikk i boliggatene og det ønsker vi ikkje, seier prosjektleiar Aslak Heggland hjå Miljøpakken til Universitetsavisa.
Superbusstoppestad
Det skal bli bygga to nye busshaldeplassar, som kvar skal kunne huse to leddbussar. Ifølgje Heggland skal bussane også stoppe i vegbana, utan å svinge inn i ei busslomme. Platformen skal ha blant anna varme i fortauet, leskur og gode informasjonskanalar for avgangar og forsinkingar.
I tillegg til betre bussforhald skal det vere adskilte sykkelstiar med buffer mot bilvegane for å skire syklistane, og stoppested mellom køyreretningane for gåande.
Vernar om dei minste
Flyttinga av busshaldeplassane vil også skjerme NTNU Nanolaboratorium frå røsle i bakken grunna busstopp og -start. Laboratoriet er særs utsett for små vibrasjonar og ristingar som kan øydelegge for forsking og gi falske resultat.
Undervegs i bygginga skal laboratoriet vernast mot det verste av byggestøy i form av røsle.