Føler seg tilsidesatt

SU Realfag meiner at allmøtet berre var ein del av ein rotete

Publisert Sist oppdatert

– Studentutvalet har aldri blitt inkludert i prosessen, meiner leiar Reza Mohseni i SU Realfag.

Han reagerer på at STi har bestemt seg for å ta frå dei kontorplass og sekretær, utan å diskutere dette på førehand.

– Det vi først og fremst merka av omorganiseringa, var at FTR-ane vart mykje meir slurvete med å kome på møta våre, seier Mohseni.

FTR-ane meiner på si side at dei har sitt på det tørre, ettersom varaane har møtt når dei har meldt fråfall. Men Mohseni synest ikkje dette er godt nok, og peiker på at det står i stillingsinstruksen til FTR-ane at dei skal kome på møta i studentutvalet.

– I tillegg har det tradisjonelle samarbeidet mellom SU-Realfag og FTR-ane har vore fraværende sidan vårsemesteret 2005, meiner han.

– Personleg er eg også usikker på om den nye strukturen er betre enn den gamle, seier Mohseni, som legg til:

– Men nogjeld det å vere positiv og sjå framover.

Powered by Labrador CMS