
– Ikkje eit forsøk på å få folk til å stemme på vennene sine
Ein time ut i valet av ny Samfundetleiar vart ein kandidat med bakgrunn frå ISFiT benka. President Marius Jones i ISFiT nektar for at nokon i organisasjonen forsøkte å mobilisere fleire til å kome for å stemme på «deira» kandidat.
«Løp til Samfundet og stem!» står det i oppfordringa i ei intern Facebookgruppe for ISFiT-frivillige. Innlegget vart posta av ein mellomleiar i ISFiT, om lag ein og ein halv time etter at valmøtet var begynt.
Ikkje lenge etterpå gjekk tidlegare Samfundetleiar Linn Haugen på talarstolen og kritiserte vennemobilisering.
– Dersom folk tek turen til leiarvalet først etter at ein dei kjenner har blitt benka, berre for å stemme på den kandidaten, er det uheldig for den demokratiske prosessen, sa ho.
Marius Jones avviser at kritikken var retta mot ISFiT.
– Såvidt eg veit var det ingen i ISFiT som oppfordra eller prøvde å mobilisere til å stemme på «vår» kandidat, seier han.
ISFiT i liknande sak i 2013
Eit liknande scenario utspelte seg for to år sidan. Då hadde ein mellomleiar i ISFiT brukt epostlister til å mobilisere medlemar til å kome for å stemme på Rasmus Schanke som vart benka.
– Det er ikkje greit å bedrive denne typen lobbyverksemd, uttalte Kaja Skarbø, som den gongen var ISFiT-president.
Jones benektar at det same skjedde no. Konfrontert med ordlyden i Facebook-posten, hevdar han at det ikkje ligg ei oppfordring til å stemme på ISFiT-kandidaten der.
– Eg veit ikkje kva andre folk les ut av denne posten, men det står ingen plass der at folk skal stemme på Kim, seier Jones.
Han legg til at han er einig i at det er feil å kome til eit valmøte for å stemme på venene sine.
– Eg håpar alle i går stemte den kandidaten dei syns var best, seier han.
– Målet må vere å finne den beste kandidaten
Leiar Per Fridtjof Larssen for Samfundet er einig i kritikken til Haugen.
– Det er skilnad på å mobilisere før valet, og å mobilisere lenge etter at møtet har byrja, seier han.
Larssen understrekar at målet for eit slikt val må vere at Samfundsmøtet skal finne den beste kandidaten, ikkje å stemme på vennene sine.
Då stemmene var talt opp viste det seg at Øyvind Bentås vann med god margin. Kandidaten frå ISFiT fekk 9 stemmer.