
– Kva går pengane våre til?
Studentar ved NKF reagerar på at dei må betale omlag 110 000 kroner i semesteret til studentorganisasjonen Sofat, og meiner dei får for lite tilbake.
Tekst: Marianne Rotihaug, Under Dusken
Studentane ved Norges kreative fagskole (NKF) er oppgitte over det fattige tilbodet på aktivitetar Sofat har bydd på.
– Det er tullete at eg som student må betale 250 kroner i semesteret for to vaffelkake og ei brus, fortel journalistikkstudent Maren Melstveitved ved NKF.
Saknar aktivitetar
Sofat er studentorganisasjonen for dei om lag 450 studentane ved NKF i Trondheim. Dei har ansvaret for det sosiale og utanom-faglege som skjer på skulen. I løpet av haustsemesteret har Sofat motteke klager på tilbodet av aktivitetar. Ein av dei som er misnøgde med tilbodet er Melstveit.
– Eg er svært skuffa over det Sofat har levert av aktivitetar og skal eg vere ærleg skjønar eg ikkje kva pengane går til, seier ho.
Vidare synast ho det er dumt om pengane blir spart opp til framtidige aktivitetar med tanke på at ein berre går på NKF i to år.
– Sidan vi berre går på skulen i to år vil vi gjerne få valuta for pengane medan vi går på skulen og ikkje vere med på å byggje opp sparekassa til Sofat, seier Melstveit.
For dårleg informasjon
Melstveit etterlyser meir informasjon om kva pengane blir brukt til.
– Eg skulle ynskje det kom tydlegare fram kva pengane går til, gjennom eit rekneskap vi som studentar kan få innsyn i, seier ho.
I tillegg ynskjer studenten å få informasjon om korleis ho og medstudentane kan vere med på å påverke kva aktivitetar Sofat skal tilby.
– Det hadde vore kjekt om vi som studentar kunne komme med framlegg til kva hendingar vi vil ha, seier Melstveit.
Ho er også redd for at truverdet og seriøsiteten til studentorganisasjonen skal forsvinne.
– Det er vanskelig å ta Sofat seriøst, når det verkar som om dei ikkje tek oppgåvene sine seriøst, seier Melstveit.
Jobbar friviljug
Leiinga i Sofat er klar over frustrasjonen blant studentane ved NKF og beklagar dette.
– Vi veit at det var for lite aktivitetar i haust og har beklaga dette, fortel nestleiar Christoffer Cabiao i Sofat.
Han understrekar at leiinga i Sofat jobbar friviljug og at dei i haust kom litt seint i gong med planlegginga. Vidare legg han vekt på at det ikkje er studentorganisasjonen sjølv som har satt beløpet på 250 kroner i semesteret, men at det er leiinga sentralt ved fagskulen.
– Eg skjønar godt at studentane reagerar på at dei må betale når ikkje alle vil delta på Sofat sine arrangement, men dette ligg ikkje innanfor vår makt å endre på, seier Cabiao.
– Avgifta går til studentvelferd
Kommunikasjonssjef Stein-Oddvar Evensen ved Høyskolen Campus Kristiania stadfestar at det er leiinga som har bestemt at det skal vere ei årleg innbetaling på 500 kroner til studentorganisasjonen.
– Det har blitt avgjort gjennom ein demokratisk prosess å ha ei innbetaling til studentorganisasjonane slik at dei kan styrke og sikre det sosiale på skulen, seier han.
Han gjer det klart at dette er ein friviljug organisasjon studentane kan melde seg ut av dersom dei ikkje er nøgde med tilbodet.
– Studentane har moglegheita til å melde seg ut, men dette vil vere synd då intensjonen er å sikre studentvelferd, fortel Evensen.
– Skal auke aktiviteten
Nestleiar Cabiao i Sofat fortel at studentane sin moglegheit til å påvirke i høgste grad er tilstades, men at dette ikkje har kome godt nok fram.
– Studentane kan gjennom sine klassekontaktar kome med framlegg til kva aktivitetar dei ynskjer i dei faste møta mellom rektor, Sofat og dei andre klassekontaktane, forklarar han.
Han understrekar at Sofat allereie er i gong med å planlegge komande aktivitetar fram mot somaren for studentane ved NKF.
– Vi er i gong med planlegginga av årets idrettsdag, som er det største arrangementet vårt i løpet av semesteret, fortel Cabiao.
Vidare har leiinga i Sofat satt seg som mål å prøve å få til ein litt jamnare straum av varierte aktivitetar, slik at det skal vere eit tilbod for alle.
– Vi skal auke aktivitetsnivået og prøve å få til varierte arrangement kvar månad, seier Cabiao.
–-
Denne artikkelen ble originalt publisert i den siste papirutgaven av Under Dusken.