Nedprioriterte svartebørs-aktiviteten

– Det er uheldig at det har foregått svartebørs på forumet vårt, men vi jobbar no med saka, seier Marie Stølen, leiar ved Samfundet.

Publisert Sist oppdatert

Stølen erkjenner at dei har kjent til svartebørs-innlegga sidan oktober. Som leiar av Samfundet er ho også ansvarleg redaktør for nettsidene.

– Det er ikkje ynskjeleg å ha svartebørs på Samfundet.no, og det kjem heller ikkje til å vere svartebørs der i framtida.

– Korleis kan de garantere at liknande ting ikkje kjem til å skje i framtida?

– Vi jobbar for at det ikkje skal skje.

Saka har ifølge Stølen vore oppe til diskusjon i oktober, men ho seier at Samfundet i haust har prioritert å få dei nye nettsidene til Samfundet opp på plass.

– Det tek lang tid å fjerne denne type innlegg, vi må slette eitt og eitt, og difor er det ikkje blitt gjort.

Stølen seier vidare at det jobbast med ei digital løysing som gjer at ein automatisk kan sjå innlegg som handlar om kjøp og sal. Det er imidlertid enno ikkje klart kva slags tiltak som vert tatt i bruk, eller om det vert aktuelt å førehandsredigere forumet. Til no har innlegga vorte jevnleg sjekka av ein webredaktør.

– Dessutan rettar vi oss etter reglane for forumet.

I tråd med reglene deira, kan det bli aktuelt å utvise brukarar som driv svartebørssalg.

Stølen har sett fristen til tysdag 13. januar for å få alle innlegga fjerna.

Powered by Labrador CMS