Økonomistudentane vil ikkje flytte
Studentene ved Trondheims Økonomiske Høgskole (TØH) har gjennomført ei underskriftskampanje for å stoppe planane om å flytte skolen til Gløshaugen.
SAMLOKALISERING
Foto: Audun Reinaas, Under DuskenFLYTTEMOTSTAND: Økonomistudentane ved HiST ønsker å stoppe leiinga sine planar om å flytte míljøet til området rundt Øya og Gløshaugen.Styret ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) ønskjer å samle verksemda si i området ved Øya og Gløshaugen. Men studentane ved TØH, som i dag held til på Moholt, ønskjer ikkje å flytte.
Studentforeininga ved TØH starta dermed ein underskriftskampanje. Ho samla 401 underskrifter, som er sendt vidare til Høgskolestyret.
– Vi ønskjer at TØH skal vere ei sjølvstendig eining med eige namn. Dette gjer det enklare å marknadsføre sjølve økonomistudiet. Vi ser ingen positive synergiar ved å samlokalisere oss med resten av høgskolen, seier leier i studentutvalet ved TØH, Øyvind Breivik.
Han meiner tvert imot at ei samlokalisering vil skade økonomiskolen.
– For det første blir den fysiske avstanden til samfunnsøkonomisk institutt på Dragvoll større. Vi har no eit godt og tett samarbeid med dette instituttet. For det andre vil studentmiljøet og studiesituasjonen bli verre. I dag har vi gode lokaler og eit godt sosialt miljø med ei oppegåande studentforeining. Flyttar vi til Elgeseter gate, blir det trongare om plassen, og miljøet blir forstyrra, seier han.
Ønskjer slagkraftig økonomimiljø
Trondheim har i dag tre store økonomimiljøer: TØH, industriell økonomi ved NTNU Gløshaugen, og samfunnsøkonomi ved NTNU Dragvoll. Tanken om å samle og slå saman desse miljøa har vore lufta tidlegare.
– Når ein skal studere økonomi i Noreg i dag, går tankane automatisk til Noregs Handelshøgsskule og BI. Men hadde ein slått saman økonomimiljøa på Dragvoll og Gløshaugen med TØH, hadde vi hatt eit veldig stort og slagkraftig økonomimiljø i Trondheim også. I utgangspunktet ønskja vi å bli samlokalisert på Gløshaugen saman med økonomiinstitutta til NTNU. Men dette går ikkje ettersom NTNU ønskjer å behalde campusen på Dragvoll, seier studentpolitisk ansvarleg ved studentutvalet ved TØH, Bjarte Birkenes.
– Denne tanken har imidlertid blitt tenkt før, og vist seg vanskeleg å gjennomføre. Det viktigste for oss no, er å unngå å bli samlokalisert saman med resten av HiST på Gløshaugen. Det vil redusere moglegheita vår til å konkurrere med andre økonomiutdanningar i Noreg, meiner Birkenes.
Øyvind Breivik er godt nøgd med oppslutninga bak underskriftskampanjen.
– At 400 av 900 studentar underteiknar er veldig bra, for det finst mange papirstudentar ved TØH – studentar som aldri er på skulen. For det andre brukte vi berre tre dagar på å samle underskrifter. Denne kampanjen viser klart at TØH-studentane støtter kampanjen vår til det fulle.
Rektor er roleg
HiST-rektor Torunn Klemp tek imidlertid underskriftskampanjen med stor ro.
– Studentane ved TØH må jo så klart få lov til å meine det dei vil. Studentane har tidlegare støtta samlokaliseringsprosjektet, men no er der tydelegvis eit studentkull som ikkje støttar denne ideen. Høgskolestyret er klar i vår strategi: HiST skal i størst mogleg grad samlokaliserast i området rundt Øya og Gløshaugen, seier ho.
Klemp ser heller ingen farar med at avstanden mellom TØH og Samfunnsøkonomisk instiutt på Dragvoll vert større.
– Banda mellom TØH og dette instituttet er så sterke. Det er ingen fare for at dei vert brutt. Avstanden vert uansett ikkje så mykje større.
Dekan Ove Gustafsson ved TØH har uttalt til Adresseavisen at han er fagleg skeptisk til ei flytting av fagmiljøet ved TØH, men understrekjer at han er lojal mot dei vedtaka som er fatta av høgskolestyret.