
Oppvaskmøte i Studenttinget i dag
Mats Andreassens omdiskuterte avgang er mellom punkta som skal drøftast. Leiaren for Studenttinget går inn for at møtet skal vera ope for publikum.
Dusken.no har fortalt om at tidlegare nestleiar følte seg pressa til å gå av frå stillinga si i Studenttinget (STi).. Han har i etterkant slutta å motta lønn fordi han har snakka med Dusken.no om dette.
Torsdag 30. oktober, klokka 17.15 er det møte i Studenttinget. Møtet blir i R10 på Gløshaugen, og klokka 21.00 vil Andreassens avgang bli diskutert på møtets siste punkt. Det er satt av 30 minutt til punktet, og møteslutt er 21.45.
Leiar Elene Slydal i Studenttinget seier at ho kjem til å gå inn for at møtet blir ope for publikum, og kritiserer dekninga til Dusken.no.
– Må vise ansvar
Studentpolitikar Eivind Rindal ved Studenttinget er mellom dei som skal på dagens møte, kvar Andreassens avgang skal diskuterast.
– Eg har mine eigne tankar om det punktet, men møtet handlar i stor grad om korleis leiinga taklar og ynskjer å vise ansvar i denne saka.
– Leiinga som er no har vore kjent for å ynskje å halde ein lav profil, til dømes når det gjeld interne spørsmål, seier Rindal.
Leder Elena Slydal for Studenttinget kjenner seg ikkje igjen i denne kritikken.
– Kritikken er for vag. Det har vore ei sak tidlegare der kommunikasjonsproblem førde til at Studenttinget ikkje vart tilstrekkeleg informert. Det har eg i ettertid beklaga, og har ikkje hatt inntrykket av at dette har vore eit problem, fortel Slydal.
Bystyrerepresentant: – Bygg opp tilliten
Jo Skårderud er vara i Trondheim studentråd og uavhengig representant i bystyret. Han er sjølv ikkje aktiv i studentpolitikken, men fortel at han har fått med seg saka likevel grunna stort medietrykk. Skårderud presiserer at han ikkje kjenner personane involverte i saka, men at han ikkje sit igjen med eit godt inntrykk.
– Det er særs «sketchy» å truge med mistillit utan å ha ein god prosess bak det. For meg på utsida framstår det som barnepolitikk.
Hans råd til Studenttinget er å prøve å byggje opp tilliten igjen.
– Dette framstår som eit studentting med mykje kameraderi. Om eg var dei, ville eg gått inn for å rydde opp.
Skårderud fortel at han ikkje veit nok om saka, men uttalar likevel:
– Eg ville ikkje gjeve min stemme til nokon av dei som har vore involverte i avsetjinga av nestleiaren.
Leiar: – Vil ha sanninga fram
STI-leiaren svarar på kritikken frå Skårderud ved å påpeike at ho meiner det har vore store faktafeil i artiklane til Dusken.no. Ho ynskjer no å rydde opp i saka, og går derfor inn for at møtet skal vera ope for alle.
– Det er viktig at sanninga kjem fram. Faktafeil på Dusken.no har ført til at reaksjonane på nett og elles i etterkant har vore på feil premiss, meiner Slydal.