Store tap grunna Akademika

Bøker på campus gav SiT eit tap tilsvarande tre budsjett for psykososial helse.

Tekst: Emil Flakk, Under Dusken

Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) fekk eit årsresultat på knappe 5.3 millionar kroner for 2012. Omsetninga var på 408 millionar kroner. Administrerande direktør Knut Solberg i SiT meiner at resultatet i stort monn kjem av tapa til Akademika, som samskipnaden eig 40 prosent av. Bokhandlarkjeden har gjeve eit tap på 21 millionar kroner, dertil kjem 5 millionar i form av nedskriving av «goodwill». Solberg vektlegg at det elles har vore eit godt år for SiT.

– Tapet har ikkje gått utover normal drift. Det har vore mykje aktivitet, og mellom anna reisebyrået Via Egencia har gått særs bra, seier han.

Vil prioritere andre ting enn bøker

Pensumbøker finst mange andre stader i dag, medan mange av tilboda til SiT er unike, seier leiar Alexandra Løvland for Velferdstinget. Ho trekkjer fram det psykososiale helsetilbodet til SiT.

– Det er ikkje sannsynleg at nokon vil drive lågterskeltilbod for studentar utanom dei, seier ho.

Det psykososiale helsetilbodet til studentane har tidlegare slite med lang kø. Velferdstinget auka løyvinga frå 6 450 000 kroner til 8 091 000 kroner for 2013, som inkluderer ein 100 prosent psykologstilling. Løvland vedgår at tapet frå Akademika tilsvarar tre-fire slike løyvingar.

– SiT opplever stadig auke i folk som nyttar det psykososiale helsetilbodet. Om ventelista er lang, forsvinn hovudfunksjonen. Poenget er å hjelpe studentane så fort som mogleg, slik at dei til dømes kan rekkje å stå til eksamen, seier ho.

Ventar på bot og betring

Løvland meiner at eit lågt overskot ikkje nødvendigvis er problematisk.

– Det er positivt og syner måtehald frå SiT. Det er ikkje meininga at dei skal gå massivt i overskot. Målet er å få til mest og best mogleg studentvelferd i Trondheim, seier ho.

Ho er klår over tapet til Akademika, men vektlegg at fleire grep har vorte gjort. Bokkjeden har mellom anna sparka 25 tilsette, mange av dei i Trondheim.

– Eg har tillit til at dei gjer det rette, og det vil ta litt tid før me ser eventuelle forbetringar. Skulle det likevel ikkje bli betre, må SiT vurdere å trekkje seg ut, seier ho.

Går ikkje utover bustadbygging

SiT har i stor grad ansvaret for bygging av studentbustader. Ei undersøking frå 2012 syner at SiT hadde ein dekningsgrad på 14,89 prosent, som er eit stykke unna målet på 20 prosent. Solberg vektlegg at det er skilnad på drift av studentvelferden og bustadsbygging.

– Dette kjem ikkje til å gå utover bygging av nye bustader. Dette er ein separat rekneskap og går utanom driftoverskotet til SiT, seier han.

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i siste utgave av Under Dusken.

Powered by Labrador CMS