– Studenttinget er prega av baksnakkingskultur

– Har aldri har vore vitne til ein meir kritikkverdig episode i Studenttinget, seier studentpolitikarar.

Publisert Sist oppdatert

Dusken.no har skrive om at at tidlegare nestleiar Mats Andreassen i Studenttinget følte seg pressa til å gå frå vervet sitt.

Fakta

Dette er saka

  • Organisatorisk nestleiar Mats Andreassen i Studenttinget trekte seg grunna det han oppfatta som press og ein ufin prosess.
  • Andreassen fekk eit tre sider langt brev som uttrykte stor misnøye med oppførselen hans.
I brevet blir mellom anna nemnt:
  • Han har sete på kontoret i staden for å ete lunsj med dei andre.
  • Brevet trekkjer fram at at han skal ha sett på youtube-videoar i arbeidstida.
  • Andreassen skal også ha blitt sint under ein diskusjon om kva tv-kanal studentpolitikarane skulle sjå Melodi Grand Prix på.

Sjølv om eit brev var katalysator for at Andreassen trakk seg 14. august, opplevde han at miljøet var dårleg i lang tid før dette.

– Studenttinget er prega av mykje baksnakking. Eg byrja etterkvart å grue meg til å gå på jobb, seier han.

LES OGSÅ: Studenttinget vil ikke utbetale godtgjørelse til Mats Andreassen etter at han snakket med dusken.no om konflikten innad i Studenttinget. – Et forsøk på å presse meg til stillhet.

Han får støtte frå andre i miljøet, som hevdar at ein ukultur prega av hemmeleg møter, mangelfull kommunikasjon og personangrep er i ferd med å vekse fram.

– Det å sitte på fulltid i Studenttinget er litt som å være tilbake på ungdomsskulen. Det dreier seg om kroppsspråk og utfrysningar. Dette vart verre i tida før eg trakk meg, held Andreassen fram.

– Fleire let vere å ta gjenval

Eivind Rindal har vore representant i Studenttinget sidan 2010, og er einig i at det er eit dårleg debattklima i Studenttinget.

– Det er i aukande grad personkonflikter som pregar miljøet, heller enn diskusjonar om saker. Eg veit at fleire let vere å ta gjenvalg på grunn av dette, noko som er veldig trist, seier han.

Henrik Stamnes Dahl har også lang fartstid som studentpolitikar. Stamnes Dahl meiner leiinga ikkje klarar å handtere det eskalerande konfliktnivået.

– Eg har forståelse for at det kan vere vanskeleg å ta tak i. Ein risikerer å splitte miljøet endå meir, seier han.

– Eg trivst godt på jobb

Leiar Elena Slydal for Studenttinget kjenner seg ikkje igjen i påstandane om at det er ein baksnakkingskultur i Studenttinget. Ho verkar overraska over å høyre at enkelte meinar debattklimaet er blitt verre, og at enkelte let vere å ta gjenvalg på grunn av dette.

– Det er jo veldig synd viss nokon føler det slik og ikkje seier i frå. Samstundes oppfattar eg at mange meiner det er bra. I tillegg brukar ordstyrarane å vere flinke til å slå ned på hersketeknikkar, seier ho.

– Så alt er bra i miljøet?

– Ja, altså, det er eit stressa miljø med mykje jobb. Men eg trivst kjempegodt.

Kritikkverdig behandling av nestleiar

Når det gjeld skiftet i nestleiarstillinga, peikar Rindal og Stamnes Dahl på fleire kritikkverdige punkt i saksbehandlinga.

– I løpet av mi tid i Studenttinget, har eg aldri før vore vitne til ein så kritikkverdig episode, seier Stamnes Dahl.

Han meiner det er liten tvil om at leiinga har forsøkt å dysse saken ned og ordne opp i stillheit, bak lukka dører.

– Studenttinget har fått svært lite informasjon om detaljane i saka. Det har verken vore diskutert i opne eller lukka møter. Dei fleste i Studenttinget er difor uvitande til årsakene bak utskiftinga, seier Rindal.

Dårleg kommunikasjon

I brevet som førte til Andreassens avgang vert det truga med mistillitsforslag. Dette har leiarane ifølgje Stamnes Dahl gjort på ein ukorrekt måte.

– Det er ikkje opp til leiarteamet å be nokon fråtre stillinga si. Det er berre Studenttinget og dei som sit som representantar her, som har mandat til å stille mistillitsforslag mot leiarane, seier han.

Rindal meiner at leiarane i Studenttinget har eit kommunikasjonsproblem. Han hevdar leiinga for ofte ordnar opp i saker seg i mellom, heller enn å behandle saker i Studenttinget

– Det ser ut til at leiinga gjer ting som det passar dei i augneblinken, i staden for å ta opp ting på ein demokratisk måte. Dette er veldig uheldig for trondheimsstudentane. Det er i deira interesse at det er god kommunikasjon og open informasjonsflyt i Studenttinget.

Leiar ueinig i kritikken

Leiaren i Studenttinget meiner det er gode grunnar til at Studenttinget ikkje har vorte informert om detaljane i Andreassen sin avgang frå nestleiarvervet.

– Grunnen til at saken ikkje har vore oppe i Studenttinget er at den handlar om ein person som ikkje lenger er i Studenttinget, seier ho.

Slydal understrekar at Andreassen trakk seg frivillig før saka kom til Arbeidsutvalet, og at det difor ville ha vore ufint av leiinga å ta det opp i Studenttinget.

– Er det god nok kommunikasjon mellom leiinga og dei som sit rundt bordet?

– Ja, det meiner eg. Eg har ikkje fått tilbakemelding om at det er dårleg kommunikasjon.

Påstanden om at leiinga vel å ta saker på bakrommet heller enn i Studenttinget, kjenner ho seg ikkje igjen i.

– Det er ikkje ein tendens at vi tek beslutningar her på kontoret, seier ho.

Uheldig for Studenttinget

Stamnes Dahl og Rindal meiner det er synd at Andreassen følte seg pressa til å gå av. Dei meiner at han gjorde ein god jobb, og at saken har fått eit uheldig utfall.

– Studenttinget er ikkje meint å vere ein venneforening, det skal vere rom for ueinigheiter, og ein må rekne med nokre utfordringar i samarbeidsprosessen. Det vil alltid vere konfliktar i arbeidslivet, men det er leiar sitt ansvar å handtere dei, seier Stamnes Dahl.

Powered by Labrador CMS