Ti menn vil bli NTNU-rektor
Ingen kvinner har søkt stillinga som NTNU-rektor. Styrerepresentant Rigmor Austgulen trur at utlysingsteksten ikkje trekkjer til seg kvinnelege søkjarar.
– At ingen av dei ti søkjarane er kvinner, bør vere ein tankevekkjar, meiner Austgulen.
Foto: Birger Jensen, Under DuskenMANNSBASTIONEN: NTNU vil bli styrt av menn - også etter sommaren. Ingen kvinner har søkt på rektorstillinga ved universitetet. Fra venstre: Universitetsdirektør Per Ivar Maudal og rektor Eivind Hiis Hauge.
Ho frykter at kvinner har kvia seg for å søkje fordi utlysingsteksten set altfor høge krav.
I annonsen krevjer NTNU ein rektor som mellom anna «kan vise til omfattende og vellykket ledelse av større kunnskapsorganisasjoner», «har førstehånds erfaring fra universitetets kjerneområder og høy vitenskapelig kompetanse innenfor et av universitetets fagområder» og «besitter gode kommunikative evner og evne til å skape tillit og nettverk internt, nasjonalt og internasjonalt».
Austgulen trur at menn er meir tilbøyelege til å sjå på seg sjølv som ein slik supermann.
– Kvinner tek nok utlysingsteksten meir bokstaveleg og tenkjer at dei ikkje passer til beskrivelsen, trur ho.
– Bør få konsekvensar
Austgulen håper at likestillingsfiaskoen får konsekvenser for korleis ein utlyser stillingane for dekanar og prorektor.
– Eg trur ikkje at ein skremmer bort gode kandidatar med ein meir nøktern utlysingstekst. Derimot har vi sett at ein ambisiøs annonse kan skape problemer, meiner ho.
Styrerepresentant Siri Beate Hatlen leier utvalet som skal hjelpe NTNU-styret med å finne Noregs første tilsette universitetsrektor. Ho er også skuffa over at utvalet ikkje har lukkast i å drive opp ein kvinneleg søkjar.
– Utvalet har brukt mykje tid på å kontakte kvinner som kunne ha vore aktuelle for stillinga. Men vi altså forhalde oss til at dette er ein tilsetjingsprosess der ein må søkje for å kome med, seier ho.
Lian første flaskehals
Konsulentane Tor Lian og Torvald Reinertsen skal no intervjue dei ti søkjarane. Denne intervjurunda utgjer første del av utveljingsprosessen. Den skal redusere lista over kandidatar til 5-6 søkjarar.
Desse kandidatane går til neste runde med intervju. Dei vert så presentert for det nye styret som tiltrer i haust, så snart det er utnemnt i løpet av mai. Styret vil i utgangspunktet velje ein av desse kandidatane, men står i prinsippet fritt i forhold til det arbeidet Hatlen-utvalet har gjort.
– Eg kan ikkje utlukke at det kan dukke opp nye kandidatar, sjølv om fristen er gått ut. Dette er opp til det nye styret å avgjere, seier Hatlen.