Tilbyr vaksine mot kusma

Antallet smitta av kusma nærmar seg 100. Trondheim kommune tilbyr no MMR-vaksinasjon 18. og 19 november.

Publisert Sist oppdatert

Kusmautbrotet i studentmiljøet aukar i omfang, og Adressa melder om nesten 100 smitta. Trondheim kommune, i samråd med Norsk Folkehelseinstitutt, tilbyr MMR-vaksine for studenter som ikkje er vaksinerte eller berre har fått ein dose. Det vil skje 18. og 19. november ved SiT aktivitetshus på Moholt.

Fakta

Tilbod om vaksinering

  • 18. og 19. november kl. 10.00 – 16.00
  • Eigenandel: Kr. 100,-
  • Stad: SIT Aktivitetshus, Bregnevegen 65 ved Bunnpris på Moholt
  • Ved spørsmål om vaksineringen: telefon 72540855

Preventive tiltak

Kusma er ein virusinfeksjon som smittar ved dråpekontakt, også før symptom oppstår i pasienten. Trondheim kommune anbefalar alle som mistenker kusmasmitte om å oppsøkje lege, og så halde seg heime, for å minske smitteomfanget.

Dusken.no har fleire sakar om temaet, blant anna ein lengre sak med Eli Sagvik, smittevernoverlege i Trondheim. Ho anbefalar studentar å ta førehandsreglar. Gode preventive tiltak er god hand- og hostehygiene samt å unngå å dele bestikk, flasker og liknande.

Immunitet

MMR-vaksine sikrar både mot kusma, raude hundar og meslingar, og er ein del av det vanlege barnevaksinasjonsprogrammet. Ved to vaksinasjonar skal ein vere immun mot sjukdomamme, eller i verste fall få eit mildt sjukdomsføløp. I dei fleste tilfelle startar kusma med feber, før ein blir øm og får hovne spyttkjertlar og smerter. Etter infeksjon er ein immun, og vil då heller ikkje ha behov for, eller få tilbod om, denne vaksina.

Powered by Labrador CMS