- Vi tåler det ikkje!

Dei raudgrøne lovte at all fattigdom i Noreg skulle fjernas. To år etter er ein halv million enno fattige. Dette plager Bjarne Håkon Hanssen.

Publisert Sist oppdatert

Bjarne Håkon Hanssen innrømte i kveld at regjeringa slit med å nå måla sine, der han sto i manesjen, omkransa av ein fullsatt storsal. Storsalen var fylt med valdebatt og folkemøte, med temaet fattig og rik i velstandsnoreg. Dei raudgrøne fekk krass kritikk for at det framleis er svært mange fattige i Noreg, og fattigdomsløftet frå sist val, vart etterlyst.

Foto: Ståle Lind Storvik, Under DuskenDEI RIKES RØYST: - Vi høgt lønna politikarar må få kjenne korleis det er å vere fattig, sa Inga Marte Thorkildsen i kveldens TV-debatt frå Storsalen.Foto: RAUDT FOR DEI ELDSTE: Det var eldreomsorg som var tema då Rita Ottervik gjekk i debatt mot sine lokale motstandarar.- Viss dykk ikkje klarer å fjerne fattigdommen, er det til å leve med? spurte Knut Olsen, og henvendte seg til Inga Marte Thorkildsen (SV).

– Nei det er det ikkje, vi høgt lønna politikarane må setje oss inn i kva det vil seie å vere fattig, svarte SV-representanten.

I følgje Ola Borten Moe (Sp) dreier klasseskiljet i dag seg mellom dei som har jobb, og dei som ikkje har det.

Bjarne Håkon Hanssen fulgte opp, og opplyste om at 80 000 fleire har kome seg ut i jobb det siste året.

Dette provoserte oppposisjonen:

– Sjølvsagt går arbeidsløysa ned, det gjer den i alle land. Slik er det i eit land med høgkonjunktur, svarte Per Kristian Foss, og meinte at regjeringa ikkje kunne påberope seg noko ære for dette. I tillegg ville han poengtere at det eksisterande trygdesystemet ikkje er optimalt.

– Det er sjukdomsgjerande. Det er gode tankar, men manglar tiltak, sa han.

LIKE BARN LEIKAR BEST

Særleg tre grupper blant det norske folk vart trukke fram som dei aller fattigaste: minstepensjonistar, innvandrarar og sosialhjelpsmottakarar. Dei aller fattigaste innvandrarane bur i Trondheim.

– Vi må heve sosialhjelpa og trygda. Folk bruker meir tid på å spekulere på korleis det skal få pengane til å strekke til, enn til å konsentrere seg om å stå på eigne bein, hevda Inga Marte Thorkildsen, før ho heldt fram:

– Vi har ulike verkelegheiter i Noreg i dag. Dette er ein trussel mot likskapsidealet, og kan føre til at vi sluttar å føle fellesskap med kvarandre, og det er farleg, appellerte ho.

– Om skilnaden mellom fattig og rik vert borte, så hjelp ikkje det dei fattige, tordna Per Kristian Foss tilbake.

RAUDT FYRTÅRN FOR DEI ELDSTE

Etter panledebatten med riskpolitikarane, Ordførarkandidat Rita Ottervik stilte til debatt mot Frank Jenssen (Høyre), (FrP) og Arne Byrkjeflot (Rødt).

I byen som omtalas som eit raudt fyrtårn, eller det nye Kina, alt etter som kva slags partifarge som prater, går opposisjonen til angrep på eldrepolitikken i Trondheim.

– Det er ikkje rart vi har ein eldregerilja i Trondheim, opna Frank Jensen, med henvisning til pårørande som er misnøgde med eldretilbodet.

Rita Ottervik svarte med å love full sjukeheimsdekking i 2011, og understreka at ho difor vil ha fire nye år i stolen, for å få gjennomført måla sine.

– Eldreomsorgen burde vere det viktigaste, slo FrP-kandidaten fast, mens Ottervik og Jenssen heldt fram med sin disputt om korvidt 30 sjukeheimsplassar var rett å leggje ned eller ikkje.

Heile debatten vart punktert då Rødt sin representant konkluderte med at det er ille no, før han skøyt inn:

– men det vert enda verre viss desse får makta, og peika på FrP og Høyre.

Storsalen svarte med spontan applaus.

Powered by Labrador CMS