- Vil ta tid å kartlegge

Torsdag opna H.M. Aarhønen eit skrin som har lagt på rektor sitt kontor sidan 1966.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag fylte NTNU si eldste linjeforening, Hennes Majestet Aarhønen, 100 år. Eit av dagens høgdepunkt var opninga av eit mystisk stålskrin som har vore låst i 47 år.

– Innholdet i stålskrinet blei plassert av H. M. Aarhønen sine stiftarar i forbindelse med H. M. Aarhønen sin retur til Trondheim tre år etter 50-års jubileet i 1963. Dei gav klar beskjed om at skrinet ikkje skulle opnast før 100 årsjubileet, seier Grinden.

Både nye og tidligare byggstudentar satt klare i Rådsalen på Gløshaugen for å overvære opninga av stålskrinet. Over 100 tilreisande hadde tatt turen. Grinden hadde på førehand ein teori om kva det ville inneholde.

– Vi trur først og frem skrinet inneheld H. M. Aarhønen sitt arkiv frå 1913-1966. Men håpar sjølvsagt på at vi finn noko vi ikkje har venta oss, seier han.

Skjulte skatter

Etter fleire talar og overrekkelsar av gåver var det endelig klart for sjølve opninga. H. M. Aarhønen sin kansler Henrik Hartmann var den heldige utvalgte til å opne skrinet. Det viste seg at Grinden hadde rett i sine antakelsar. Hartmann las opp frå innsida av skrinet.

– Denne jernkassen inneheld arkiv frå dei fyrste 50 åra Aarhønen har eksistert, seier han.

Arkivet inneholdt blant anna brev, kvitteringar, frimerker, tomme konvoluttar, ei utgåve av Adressa, eit utklipp frå Under Dusken og eit fotoalbum frå 50-års jubileet til Aarhønen.

– Det ser ganske kaotisk ut oppi skrinet, så det vil nok ta litt tid å kartlegge alt det inneheld, seier Hartmann.

Hartmann var fornøgd med innhaldet i skrinet og jubileumsdagen så langt.

– Det var veldig spannande å opne skrinet. Vi fann utrulig masse forskjellig, og har fått eit meir komplett arkiv frå dei fyrste 50 åra til linjeforeninga. Ein veldig verdig dag for H. M. Aarhønen, seier han.

Orrhøne frå oven

For utanforståande kan det kanskje verka rart å feira ei orrhøne. Jubileumssjef Arve Grinden forklarar historia bak og understreker at det ikkje er ei skrøne.

– For hundre år sidan, den 31.januar.1913, fekk byggstudentane ved NTH seg ein rask oppvekkar i ei forelesning om tregheitsmomentet. Ei orrhøne kom brasande inn gjennom det to-lags tjukke vindauget medan professor Gundstensen var i ferd med å runde av forelesninga. Byggstudentane såg dette som eit teikn frå oven og H. M. Aarhønen såg dagens lys, som den første linjeforeninga ved NTH, seier han.

Powered by Labrador CMS