Bak kulissene på UKErevyen

Revyen seiest å vere sjølve hjartet til UKA, og revygruppa må vere førebudd på alt: – Sketsjar kan strykast heilt fram til generalprøva, seier Rikke Skindlo.

Publisert

På Kultursenteret Isak er nokre få av dei mange som er investert i revyen. Hanna Gravem, Sigrid Festøy og Rikke Skindlo er alle med i forfattarkollegiet, i tillegg til å vere skodespelarar under revyen. Dei fortel begeistra om den kreative friheita dei har som forfattarar. 

– Noko av det artigaste med å vere i forfattarkollegiet er å sjå at ein tekst ein berre har kødda ned på eit ark, har resultert i komponert musikk med fullt band, store kostyme og spektakulære kulisser. Kva er det ein har stelt i stand, liksom? Det er ganske sprøtt, seier Gravem entusiastisk.

LES OGSÅ:  Endelig er festivalprogrammet til UKA klart

Når tekst blir til liv 

SHOW: UKErevyen skil seg frå andre revyar med at det er meir musikk, dans og spektakulære kostymer og kulisser.

Det står ei saftig halvspist sjokoladekake på bordet i møterommet til revygjengen. Kaka markerer at det er eitt år sidan forfattarkollegiet blei tatt opp og byrja å skrive. Dei fortel at dei tidleg hadde ein visjon om å skape noko upretensiøst.

– Forfattarvervet er veldig skapande. Som ein del av forfattarkollegiet til UKA er ein så heldig at når ein får eit innfall, er alle ressursar tilgjengelege. Då er det mogleg å få til. Det er veldig kult, seier Festøy. 

Det er ikkje berre-berre å realisere visjonane til forfattarkollegiet. Bak kulissene er det rundt 200 eldsjeler som jobbar iherdig med å gjere det som er skribla ned på papiret til verkelegheit. Med så mange folk, og eit så stort apparat, har UKErevyen moglegheit til å gjere store ting som andre revyar ikkje nødvendigvis har ressursar til. 

– Ein sit i eit ganske godt sete til å utfalde seg kreativt, seier Gravem einig. 

Det er lite i revyen som er tilfeldig. Kostymegruppa lagar femti kostyme som dei konstruerer teknisk, syr og spesialtilpassar til skodespelarane. Musikken blir komponert frå botnen.

I tillegg blir Storsalen gjort om til ei spektakulær scene. Revysjef Mia Aspholm er tydeleg stolt når ho snakkar om denne kollektive innsatsen. 

– Det er veldig engasjerande å jobbe med menneske som er så dedikerte. Folk investerer så mykje tid, engasjement og kjærleik i det dei driv med. Det er ordentleg dyktige menneske som er med i revy, på alle arenaer, seier ho. 

Strykeprøve og styrkeprøve 

FELLESSKAP: Revysjef Mia Aspholm fortel at den kollektive innsatsen bak kulissane har vore engasjerande.

Trass i at førebuingane til revyen har føregått i nesten halvanna år, er det først no, i denne delen av prosessen, at alt revygruppa har planlagt og prosjektert for, blir sett på prøve. 

– Hittil har me planlagt utan å vite så mykje om det faktisk vil fungere. Me veit ikkje om dei tekniske løysingane i Storsalen fungerer slik me har tenkt: lyd, lys, dans, musikk, regi. Det er først no me får eit tydelegare bilete på korleis revyen kjem til å sjå ut. Det er veldig spennande, seier Aspholm.

Dersom noko ikkje fungerer som det skal, kan dette gå ut over sketsjane som forfattarane har skrive og hatt ein visjon for, og manusa skodespelarane har sett seg inn i og bruka mange timar å øve på. Det som ikkje fungerer teknisk, det som ikkje kan overførast til den større scena som Storsalen har, eller det som ikkje går opp med heilheita, må strykast. 

– Det gjeld å ikkje bli altfor glad i sketsjane eller karakterane, for plutseleg blir dei kutta, seier skodespelar Kari Melhuus Jenssen. 

Ho og ein av dei andre skodespelarane, Mikkel Angelo Anchissi Joner, fortel at det kan vere kjipt å sjå at ein av sketsjane dei har jobba mykje med, ikkje lenger blir ein del av revyen. Det er noko Skindlo allereie har erfart. Ho mimrar tilbake til UKA-21, der eit gigantisk nummer blei stroke under éi veke før premieren. 

– Det var ferdigsydde kostyme, rekvisittar og scenografi. Alt var klart, seier ho. 

Sketsjar kan altså strykast heilt fram til generalprøva.

– Det er tøft for alle involverte, men det er liksom ein del av greia. Ein står saman i det, seier ho tryggande.

LES OGSÅ:  MiniUKA: En liten festival for små folk, med mye liv og store smil

Ulike barn leikar best? 

Heldigvis ser det ikkje ut til å vere noko problem å stå saman i sorgene, og alle trekk fram kor rause og støttande folka i revygruppa er. 

– Me jobbar saman og speler kvarandre gode. Det er ingen konkurranse, fortel Melhuus Jenssen.

Ho seier ho er overraska over kor godt dei går overeins trass i at dei er ganske ulike. Anchissi Joner er einig i at det er ein samansett gjeng. 

STUDIETID: – Det har fakka opp heile studieprogresjonen min, men så langt er det verdt det, seier Anchissi Joner.

– Publikum kjem kanskje til å merke at me er åtte veldig forskjellige folk, på ein god måte. Me jobbar kjempebra saman og alle er rause og varme. Samtidig vil eg påstå at alle har sin eigen spelestil og humorstil, ting me er gode på og ting me ikkje er fullt så gode på, seier han. 

Anchissi Joner tenkjer seg litt om før han samanliknar skodespelargjengen med eit leiketøy. 

– Me er litt som ein rar heimelaga olabil. Du trur ikkje at ei fiskestong og ein kaffikopp skal bli til noko, men det kan det, seier han og ler. 

Frå hjarteborn til allemannseige 

Med mykje arbeid bak seg, er revysjef Aspholm spent på korleis Trondheim vil ta imot det dei har brukt så mykje tid på. Ho håpar alle kan gå ut av Storsalen etter å ha hatt ein kveld med glede og underhaldning. 

– Me har sjølvsagt trua og synest det me held på med er ordentleg bra, men det blir spennande. Me har på ein måte blitt som ein familie, og revyen har blitt barnet vårt. Plutseleg skal han bli allemannseige, og alle skal få lov til å ha meiningar om han, seier Aspholm. 

– Kven er de mest interesserte i å imponere?

 – Rita Ottervik, seier skodespelarane i kor. 

Det er kjent at større og mindre kjendisar, som ordføraren, rektor og andre, vil få gode plasseringar fremst i salen under bypremieren. I tillegg til desse er det også andre blant publikum som skodespelarane er ute etter å imponere: 

– Eg håpar eg kan imponere gruppa mi i spilldesign, slik at dei skjønnar kvifor eg har vore borte såpass mykje, og slik at dei skjønnar at det har vore verdt det, legg Anchissi Joner til. 

Melhuus Jenssen fylgjer på:

 – Det er artig dersom foreldre kjem og blir imponerte. Eg har ikkje foreldre som har studert i Trondheim, så eg trur ikkje dei skjønnar heilt greia med kor stort det er. Både UKA og Samfundet.

 Sjølv om ein kan kjenne på stort press frå både publikum og presse, presiserer revysjefen at hovudfokuset til revygruppa har vore på noko anna enn mottakinga. 

– Me gjer dette fordi me synest det er gøy. Sjølv om Adressa skal trille terning, og sjølv om det i løpet av 30 førestillingar kjem 25 000 menneske som har lyst på ein fin kveld, har i det minste me hatt det fint med heile prosessen. Me er alle amatørar, studentar og meir eller mindre uerfarne. Det at me likevel får til noko så stort og av så høg kunstnarisk kvalitet, det er heilt rått, seier ho og oppmodar alle til å kome på revy

LES OGSÅ:  Du eier Samfundet

Powered by Labrador CMS