Slik feirast den samiske nasjonaldagen 

Det er samanes nasjonaldag, og heile Trondheim er med på feiringa.

Publisert Sist oppdatert

Styreleiar i Saemien Studeenth Tråantesne (den samiske studentforeininga i Trondheim), Mia Bongo Norvoll, fortel at feiringa av dagen er godt i gang.

– Me starta med kake og flaggheising på Studentersamfundet.

Klokka 16 blir det også ein offentleg markering i regi av kommunen. Feiringa fortset ut kvelden.

–Etter den offisielle feiringa vil det vere ein privat middag med samisk studentforeining, fortel ho

MARKERAR DAGEN: Styret på samfundet har vore med å markere samanes nasjonaldag

Norvoll er nøgd med tilbodet i byen, og tykkjer det er mykje forskjellig å fylle nasjonaldagen med.

– Det er tilbod for alle, frå morgon til kveld.

Flagging og film på Studentersamfundet

På morgonen i dag hadde Saemien Studeenth Tråantesne og flaggkomiteen ved Studentersamfundet ein felles flaggheising på taket på Studentersamfundet.

–Du kan sjå det samiske flagget på toppen av Samfundet inntil det vert teken ned i kveld, deler leiar ved Studentersamfundet Astrid Elgethun.

Elgethun fortel vidare at markeringa ikkje er ferdig enda.

–Vi har filmvisning av "la elva leve" på Knaus klokka 19:00.

Trondheim kommune arrangerer offentleg markering

Trondheim kommune arrangerer en rekke arrangement for å markere samanes nasjonaldag, blant annet en offentleg markering ved lavvoen på Elsa Laula Renbergs plass, klokken 16:00-17:00.

Prosjektleder i arrangementskontoret i Trondheim kommune, Catherine Kahn, fortel at det blir song, taler og meir for å markere nasjonaldagen.

–Det vil vere taler frå sametingsrepresentant Kristin Sara og ordførar Kent Ranum, og nokre samiske elevar vil kome og synge nasjonalsangen.

Kahn deler at hele byens befolkning er invitert til å være med på feiringa.

Powered by Labrador CMS