Frå undervannsrugby til rumpeldunk

For NTNUI-leiar Håkon Utby er det ikkje unormalt å jobbe frå åtte om morgonen til tolv om natta.

Publisert Sist oppdatert

På eit kontor som er malt grønt, gult og svart, sit Håkon Utby og jobbar flittig. I tillegg til å vere leiar NTNUI, er han også tredjeårs-student ved marineteknologi.

– Det er med litt jobb å styre Norges største idrettslag, fortel Utby

Han har vore medlem og aktiv i NTNUI lenge, og grunnen til at han valde å stille som leiar i hovedstyret, var at han ynskte å gi noko tilbake til organisasjonen.

– Sjølv om det er mykje å gjere, likar eg det veldig godt. Mykje av jobben går ut på å organisere hovedstyret og dele ut oppgåver. Dei andre kollegane mine i styret gjer ein super innsats, og det er svært lærerikt og morosamt å jobbe her, seier han.

I 1910 vart organisasjonen sifta, og då vart det lagt vekt på sunn og allsidig idrett, og på å fremje kameratskap.

Å seie at NTNUI har eit stort utval med undergrupper er ikkje å overdrive. Med 50 forskjellege grupper, som strekker seg frå undervannsgrugby til dans, skal det godt gjerast å ikkje finne noko ein vil vere med på.

– Det som er spesielt med NTNUI, i forhold til dei andre idrettslaga i Noreg, er at vi har eit veldig breitt tilbod. I tillegg til undergruppene, har vi også tre treningssenter, og som medlem har ein også tilgang til studenterhytta og koiene. Det er rett og slett ein stor pakke med idrett, trening og friluftsliv, og det er sjeldent at ein finn det samme tilbodet for den prisen vi tek, meinar Utby.

Inngangsportal

Eit av måla til styret er at NTNUI skal vere ein sosial arena. Utby fortel at dei ynskjer å vere ein inngansportal for studentane.

– Vi vil vere ein sosial arena, som er basert på idrett. Vi har merka at spesielt utvekslingsstudentar tykkjer at dette er ein bra plass å verte kjende med andre studentar, og det er veldig positivt.

For hovedstyret i NTNUI er det viktig at lavterskel-tilbodet vil vere det samme i framtida.

– Vi håper at lavterskel-tilbodet framleis kan eksistere i åra framover. No kan nesten kva som helst slags undergrupper bli danna, så lenge det er nok engasjerte studentar som ynskjer å danne ei gruppe, og det er nettopp dette vi vil forsette med, forklarar Utby. Han fortel at dei samarbeidar med det nyoppretta rumpeldunk-laget i Trondheim.

– Ein må vere åpen for nye forslag når det gjeld idrettsgrupper. No håpar vi at rumpeldunklaget vil bli ein del av oss, for det er ein gjeng med veldig engasjerte studentar, som virkelig brenn for det dei driv med, fortel han muntert.

Spanande framtid

Med 12.000 medlemar er kapasiteten ved dei to idrettsbygga organisasjonen disponerar sprengt. Eit tredje idrettsbygg er difor under planlegging.

– Det er SiT som eig treningssenteret på Portalen, og opsjonen på leigeavtalen går ut i 2015. Det passar difor bra å ha eit nytt idrettsbygg ferdig innan då, seier Utby. Han presiserar at ingenting er sikkert enno.

– Vi må løfte blikket å sjå framover. Det er utan tvil behov for fleire hallar, og vi vil gjerne ha ein eigen symjehall også, så det skal bli spanande å sjå kva som skjer framover.

Powered by Labrador CMS