Nedbetalar underskot med økt medlemskontingent

SiT idrett aukar avgiften for å trene. - Kan ha fleire negative konsekvensar, seier NTNUi-leiar Haakon Utby.

Publisert Sist oppdatert

Det er over eit år sidan det nyaste treningssenteret til SiT, Portalen, vart åpna. No har studentsamskipnaden eit større underskot enn venta. Ifølje leiar ved velferdstinget, Alexandra Løvland, er det urealistisk budsjettering frå SiT si sida som er årsaken.

– Når tilbodet om treningssenteret Portalen kom, så gjekk alle konstnadane opp, utan at treningsavgifta auka, så no sit dei att med eit stort underskot som må betalast.

Drastisk aukning

Ved å auke medlemskontigentet, er planen å få nedbetalt underskotet innan 2014. Leiar ved NTNUI, Haakon Utby, stiller seg svært kritisk til dette.

– Det vert ei stor aukning i pris, utan at det vert nokon ekstra fordelar for medlema. Vi i styret la fram eit forslag om å betale underskotet over lengre tid, ved å auke prisen litt. No vert det ei drastisk auking som kan ha fleire negative konsekvensar, meinar Utby.

For nokre år sidan kosta det 400 kroner å trene ved NTNUI sine treningssenter, om ein var student ved NTNU. I fjor kosta det 1050 kroner for eit år som medlem. I år har prisen aukt enno meir, og ein må betale 1460 kroner for å kunne nytte seg av SiT sine treningstilbod.

At lavterskeltilbodet skal forsvinne er ei av dei største bekymringane til Utby.

– Tidlegare har det vore såpass billeg å trene hjå oss at det har vore mogleg å kjøpe medlemskap også for dei som kun vil trene av og til. Sidan det er så mykje dyrare no, så kan det hende at desse studentane veljer å ikkje kjøpe medlemskap, noko som førar til at dei ikkje vil trene i det heile tatt.

Verdispørsmål

Utby meinar at det er viktig å tenkje over kva type treningstilbod SiT vil tilby.

– No er det eit verdispørsmål om kva studentidretten ynskjer å vere. Anten kan vi ha eit treningstilbod på lik line med dei store kjedene som Sats og Elixia, som har eit mykje høgare prisnivå, eller så kan vi ha eit tilbod for absolutt alle studentane i Trondheim.

Med tanke på den stadig aukande mengda med trenande studentar, er det ikkje usannsynelig at prisen vil stige enno meir i åra framover, meinar Løvland.

–Treningstrendane skiftar, og no er det mykje meir vanleg å trene på timar med instruktør, enn halltrening. Desse timane krevar utgifter, så om dette tilbodet skal aukast, er det altså ikkje utenkeleg at prisen vil auke enno meir.

Powered by Labrador CMS