
Symbolsk treningsøkt
Fredag arrangeres SiT BeneFiT til inntekt for Aktiv mot Kreft.
Fredag den 19. april arrangeres SiT BeneFiT, ei 2,5 timars lang aerobicøkt til inntekt for Aktiv mot kreft. Arrangementet vil bli haldt i Armfeldtsalen på Idrettsbygget Gløshaugen og går av stabelen kl.15.30.
– Alle bidragsytarar arbeider gratis og inngangspengane på 100 kr går uavkorta til Aktiv mot kreft, seier idrettskonsulent Ida Mjøsund i SiT.
Sjølve aerobicøkta består av eit variert program med alt frå dans og afro til tunge intervallar.
– Vi ønskjer at økta skal vere variert og inneholde noko for ein kvar smak. Samtidig kan det og vere ein oppdagar ei ny treningsform, noko som sjølvsagt er eit pluss, seier Mjøsund.
Aktiv for seg sjølv og andre
Aktiv mot kreft sitt hovudmål er å etablere trenings- og aktivitetssentre for kreftpasientar, slik at ein kan motivere og tilretteleggje for aktivitet hos noverande og tidlegare kreftpasientar. "Pusterommet" ved Ullevål Universitetssjukehus blei opna i 2007 og var det fyrste i rekkja.
– Ved å delta i SiT BeneFiT støtter ein aktivisering av andre ved å trene sjølv. Det er ei veldig fin symbolikk ved det, seier Mjøsund.
Det er tredje året på rad at SiT tek intiativet til SiT BeneFiT og Mjøsund er spent på interessa rundt arrangementet. Det er mogleg å kjøpe billettar på Portalen, Idrettsbygget Gløshaugen og Idrettsbygget Dragvoll før arrangementstart. Mjøsund understreker at alle studentar i Trondheim kan delta, uavhengig om ein har medlemskap ved SiT sine treningsenter.
– I fjor var det over 100 deltakarar. Vi håpar på at det blir like god oppslutting i år, om ikkje betre, seier ho.