NTNUI Elite i grønt vann greitt dagens finale mot TSI volleyball .

Taparane hadde best heiagjeng

NTNUI Volleyball var laurdag favorittar både i herre- og damefinalen under Studentleikane. Dei var klart best også når kampane var blåst i gong.

Publisert Sist oppdatert

Finalane i volleyball handla både om gullmedale i årets Studenleikar og om ein plass i Student-EM i Kroatia 2016. Sjølv om gevinsten var stor, strakk verken Valkyrien sitt damelag eller TSI sitt herrelag til mot sterke NTNUI-lag. Men når det gjeld heiagjeng vart Trondheimslaga slått i støvlane av ivrige Tromsøstudentar.

Fakta

Studentleikane 2015

  • Eit årleg arrangement som samlar ulike studentmeisterskap og studentcupar i eit - arrangement
  • 2273 deltakarar påmeld
  • Tidenes største studentleikar
  • Trondheim var vertsby også i 2013, åa med over 2000 deltakarar i 24 ulike idrettar
  • Konkurrerest i 18 idrettar i år

Damefinalen

Fakta

Volleyball

  • Lagsport med 6 spelarar på kvart lag
  • Poenget er å få ballen over eit nett til motstandarane sin banehalvdel
  • Kvart lag har tre slag på ballen pluss ei eventuel blokk.
  • Ein kamp går over tre sett, som spelast til 25 poeng.

Laurdagens damefinale sto mellom NTNUI D1, som til vanleg spelar i fyrstedivisjon, og Valkyrien D1, direkte frå sjøkrigsskulen si kadettforeining Valkyrien. Dei møtte kvarandre også i gruppespelet, der NTNUI tok sigaren med to sett, 25-10 og 25-12.

Jentelaget frå Trondheim så sjølvsikre ut i oppvarminga, og før kampstart var det smil, latter og dansing til hallmusikken å spore. I motsetting såg Valkyrien alvorlege ut. Dei fleste ville nok satt pengane sine på NTNUI.

Alvoret til Valkyrien kan ha lønna seg, og i starten låg dei to laga likt. Valkyrien jobba iherdig. Stemninga hjå NTNUI sokk raskt, dei mangla kommunikasjon på bana og var stilleståande. Kanskje var ikkje denne kampen gitt på førehand. Før NTNUI sakte men sikkert dro i frå. Dei angreip meir og betre, gjor færre feil og samla seg som lag. Fyrste settet tok dei 25-14. I det andre fekk dei satt i gong spelet sitt med ein gong og vann med heile 25-7.

Herrefinalen

NTNUI Elite og TSI volleyball var finaleklare på herresida. TSI, Tromsøstudentenes idrettslag, spelar i 2. divisjon og kan med rette bli kalla lillebror frå nord. NTNUI Elite spelar to divisjonar opp og er på papiret det beste laget. Kampen om både SL-medaljen og EM-kvalifisering verka å bli lite spanande óg på herresida.

Heldigvis hadde TSI med seg to løynde våpen: supportarar og adrenalin. NTNUI består av den typen menn ein forventar på ei bane: høge, breiskuldra og spenstige. Men dei mangla gleda som det mangfoldige TSI hadde med seg i hallen. Det var jubel ved kvart eit poeng TSI drog i land frå ivrige suppportar men berre ein høfleg bris av applaus til NTNUI frå tribunane.

Til glede for kampen og spenninga hang TSI godt med i fyrstinga, takka vere hard jobb og enorm lyst. Før NTNUI, framleis det klart beste laget, hadde tatt kontroll over kampen. Dei hadde fått banka nokre ballar i gulvet og satt tre-manns blokka si. TSI mista litt av tenninga, og kom blant anna i skade for å gjere to roteringsfeil som var fullstendig unødvendige.

Ved matchball sette NTNUI inn ein ny leggjar. Han fekk med seg to servefeil før kampen enda etter to sett, 25-16 og 25-10. Leggaren var så ivrig på å få litt ballkjenning at han ba om omserve for motstandarane, men utan hell.

Powered by Labrador CMS