
– Det er jo noko som ikkje heilt stemmer her no
Penistrøbbel og ufrivillige fyllekuler laga hypnotisk stemning i storsalen.
UKA har lova oss eit forrykande show med både gapskratt og undring då hypnotisøren Torgrim Holte inntar storsalen. Holte har gjennom dei siste tjuge åra underholdt med sine hypnoseeevner både i innland og utland. Han har jobba med krigsveteranar og har blant anna hjulpe Signe frå «God Morgen, Norge» med å slutte å røyke.
Med eit ope, men skeptisk sinn troppar eg opp i storsalen. Eg og fotografen er ganske uenige om kva me egentleg kan forvente oss av kvelden.
– Det fungerer, eg lover, eg har sett det sjølv, påstår fotografen.
Nei, det må jo vera lureri? Er det faktisk sånn at heilt vanlege studentar kan stå i transe på scenen i Storsalen forran nesten tusen mennesker å bjeffe eller tru dei er Tone Damli? Det har eg vanskeleg for å tru.
«Alle» vil sjå
Storsalen er stappfull med spente publikummarar som tar imot Holte med stor jubel. Det verkar som heile salen vil vera frivillige i det han hoppar ned frå scenen og plukker kveldens utvalgte. På første rad er dei så ivrige at dei hoppar i setene.
Heile 19 deltakarar får koma opp på scenen og får presentere seg med både namn og kvar dei er frå. Dei får for det meste latter og frekke kommentarar frå Holte tilbake. Det er nesten som ein lurer på om det er roast ein er på, og ikkje hypnoseshow.
Holte er ofte morosam, det skal han ha, men til tider blir humoren litt barnsleg. Det er underholdande at han både veit kva mora til ein deltakar frå Stord heiter og kva ho jobbar med. Men det er begrensa kor mange som er frå Stord, og kor mange gongar me treng å høyre om alle damene han påstår å ha feia over.
«Ingen» trur på hypnose
Hypnotisering tar tydelegvis litt tid. Stemningsmusikk fyller salen mens Holte testar ut kor eigna deltakarane er. Nokre slit med å holde maska og ein del blir raskt sendt tilbake til salen.
Plutseleg bryt den eine deltakaren ut i eit brøl og publikum hoppar av overraskelse. Kva var det som skjedde no? Holte hentar deltakarane ut og inn av transen fleire gongar og det virkar slett ikkje som dei er klar over kva dei foretar seg der oppe.
–Trur du på hypnose? Spørr han dei støtt og stadig
– Eh, nei, ikkje egentleg, svarar dei aller fleste.
At dei for eit minutt sida sto og boksa i lufta og skreik huskar dei ikkje, og det er fascinerande å sjå på. Det blir særleg morsomt då ein av deltakarane står og ristar på scenen og ikkje klarer å kontrolera seg. Han trur framleis ikkje på hypnose.
– Eg føler egentleg at eg står ganske i ro. Eg kan slutte visst eg vil altså, seier han mens kroppen rykker i alle retningar.
Penis til besvær
Showet varer ganske lenge, og det blir litt småkjedleig å sjå på folk som står og “søv” på scenen mens Holte viftar med hendene rundt øyrene deira.
Hypnoseshow er nok ekstra morosamt om du kjenner dei på scenen, noko fleire sjokkerte utrbrudd frå salen tyda på. Noko av det dei gjer er veldig overbevisande, medan andre ting verkar litt tilgjort. Eit døme er då ho eine blir overbevist om at ho hadde mista tissen sin, og betre blir det ikkje då ho får han tilbake, men i feil versjon. I kombinasjon med dei dårleg sexvitsane blei det igrunn litt kleint.
Då fleire av dei hypnotiserte er vakne samtidig blir det verkeleg både god stemning og skikkeleg gapskratt. To av deltakarane sjanglar hjelepslaust rundt på scenen og ser oppriktig stupfulle ut, medan ein stakkars tredjemann febrilsk prøver å halde dei på beina.
– Det er jo noko som ikkje stemmer her no, stotrar han eine, med eit stort drukkent glis.
Eg klarer framleis ikkje heilt å tru på det, men eg går likevel heim igjen litt meir overbevist enn då eg kom.