
Vive la vida
Semesteret har teke eit godt tak i oss og det riv i den regnvåte luggen din der du kikkar bak skuldra di etter sommarsola som forsvann. Vend nasen fram og finn ut kva hausten kan by på.
Det får du nemleg vite i dagens sending av Nesten Helg då Studentersamfundets Laurdagskomite stikk innom for å fortelje om dei komande Samfundsmøta. På besøk kjem også Anders Kjevik og skal orientere oss om bassfeite Lambsbread Sound sitt DJ-set på Familien i kveld.
I tillegg blir det sjølvsagt noko skitprat og mykje deileg musikk. Dette vil du ikkje gå glipp av, så sit klar med DAB radioen din mellom klokka 15-17 og høyr på Radio Revolts Nesten Helg live! Dette kan du også gjere med internettmaskina di om du går inn her.