
«Æ vil bare dans»
Torsdag kveld gjekk startskotet av for ei danseglad helg.
Det var vanskeleg å ikkje la seg fascinere av dei mange dansenummera som vart framført i storsalen torsdag kveld. Alt frå halsbrekkande akrobratikk til svingande jazz fylte scena då NTNUI dans hadde si årlege danseoppvisning, i år under namnet «The daily rhythm».
Kvardagsleg dans
Med dansenummer som tok utgongspunkt i studentenes kvardag i alt frå kjøkenet, via vorspiellet til lesesalen var dansarane innom mange forskjellige stilar, deriblant jazzdans, lindy hop, boogie woogie og moderne. Etter danseshowet tok kjellerbandet over Storsalen, og det vart mogleg for alle som ville å svinge på dansefoten.
Se bilder fra showet her
Festival
Torsdagens danseshow var berre oppvarming, for i dag startar nemleg Another Lindy Hop festival i regi av Lindy Hop og Boogie woogie gruppa ved NTNUI. Med 200 deltakarar frå blant anna Tyskland, Nederland og England blir det tre dagar med kurs, etterfulgt av festar på kveldane.
– Det er utruleg artig å sjå at det kjem så mange tilreisande, seier leiar Tone Erlien av Another Lindy Hop Festival.
På laurdag er alt lagt til rette for ein storslått kveld. Då blir nemleg sjølve festkvelden holdt i Banksalen, med storbandet Jazzmazzørene og finale i konkurransane lindy hop og boogie woogie.
Internasjonal merksemd
Erlien tykkjer det er særs positivt at dei har fått så mange deltakarar frå andre land.
– I år har me heile 30 deltakarar frå andre land, noko som er veldig bra, seier Erlien.
Ho er med å arrangerer for andre året på rad, og håper på at denne festivalen vil vokse med åra.
– Me vil prøve å få dette til å bli ein årleg event, seier Erlien.