Ekstatisk houseparty

Hata av anmeldarane, elska av publikum. David Guetta fekk Dødens Dal til å koke.

Publisert Sist oppdatert

David Guetta - Dødens Dal - 20. oktober

Frå sekundet dj-en gjekk opp på den massive trona i i Dødens Dal var publikum i full ekstase. Guetta tok staffettpinnen frå Snoop Dogg ved å opne med «Sweat». Då han følgte opp med partysettaren «Getting Over» sikra Guetta seg Dødens Dal si fulle merksemd. På dette tidspunktet innsåg alle i teltet at dei ikkje var komt på konsert, men på eit einaste stort house party.

SE BILDEGALLERI FRA KONSERTEN

I løpet av den første timen gav Guetta oss det meste, og det var ein einaste lang hitparade. Vi fekk servert fengande låter frå samarbeidet hans med Usher, Ludacris, Nicki Minaj og Kelly Rowland, og Guetta bevegde seg leikent frå den eine songen til den andre. Dj-en var òg innom eit spekter av populær musikk han har remiksa. Ein kan ikkje nekte for at miksane blei godt mottatt av publikum, men det er lov å lure på om det er Guettas bidrag som er årsaken til den positive responsen, eller om det rett og slett er fordi det er snakk om kjente songar. Når det er sagt er det ingenting å utsette på Guettas framtreden, og han leverte kvar einaste song fullstendig smertefritt.

House-dj-en fridde til Noreg fleire gonger i løpet av konserten, og hadde eit tett nærvær med publikum. Då han i tillegg tok bilete av Dødens Dal med mobilen, blei det full ekstase i teltet. House-kongen stod rimeleg åleine på scena gjennom heile konserten, og det kunne med fordel ha vore meir som skjedde foran publikum. Bortsett ifrå Guetta var sceneshowet begrensa til to robot-liknande dansarar ikledd lysdrakter som kom på scena nokre få gonger.

Konserten var òg i overkant lang. Underteikna kjente det var nok for kroppen når tida hadde passert to timar. Det at flesteparten av dei største hittane kom relativt tidleg gjorde at andre halvdel dabba noko av. Det at Guetta i tillegg gjekk av scenen brått utan å kome tilbake fekk avslutninga til å føles som eit antiklimaks.

La oss vere ærleg. David Guetta lagar ikkje kvalitetsmusikk, og det er ikkje rart han mottar dårlige anmeldelsar oftare enn Siv Jensen er sjokkert. Det er derimot vanskeleg å halde beina sementert i golvet når «Commander» blåsast over høgtalarane. DJen gav publikum akkurat det dei ville ha: ekstatisk og tankelaus fest.

Powered by Labrador CMS